Andromeda har lenge vore regnet som den klart største galaksen i den lokale gruppa av galaksar, men no ser det ut til at Melkeveien er omtrent like stor. Den auka massen gir Melkeveien større gravitasjon som aukar sjansane for at han kolliderer med Andromedagalaksen eller andre, mindre galaksar i nærleiken.
Solsystemet vårt er omtrent 28.000 lysår frå sentrumet til galaksen. Med dei nye observasjonane betyr dette at me har ein fart på nærare 1.000.000 km/t rundt Melkeveiens sentrum. Tidlegare trudde ein at denne farten låg på rundt 800.000 km/t.
Astronomar frå Harvard-Smithsonian Centre for Astrophysics i USA brukte radioteleskopa i Very Long Baseline Array (VLBA) til å måla dei nye hastigheitene. VLBA er samansett av 10 radioteleskop plasserte rundt omkring i USA, som ved å bruka ein teknikk kalla interferometri gir veldig detaljerte bilete. Oppløysingsevna til VLBA er så bra at det svarer til at ein sit i New York og les ei avis som er i Los Angeles (ca. 5000 kilometer unna).
Nye oppfatningar av Melkeveiens struktur
Astronomane observerte område over heile galaksen der det er høg produksjon av stjerner. I desse områda vil molekyl i den interstellare gassen forsterka radiostråling omtrent på same måte som ein laser forsterkar ein lysstråle. Dette fenomenet, kalla kosmisk masar, gir VLBA gode orienteringspunkt rundt omkring i galaksen. Ved å observera desse radiokjeldene fleire gonger medan Jorden var på motsette sider av banen rundt Solen, kan astronomane måla den vesle forskyvinga til kjeldene i forhold til bakgrunnen av fjernare objekt. Metoden bruker altså berre triangulering av posisjonane til objekta og avheng ikkje av andre eigenskapar som t.d. lysstyrke som tidlegare studiar har brukt.
Områda med høg produksjon av stjerner og kosmiske masere fastset kvar spiralarmane til galaksen er. Ved å måla avstanden til maserne vil ein dermed kunna laga eit kart over spiralstrukturen til galaksen. Dette er eit viktig framsteg sidan det er vanskeleg å bestemma korleis Melkeveien ser ut utanfrå når me er inne i galaksen.
VLBA kan bestemma posisjonar på himmelen så nøyaktig at ein kan måla den faktiske rørsla til objekt som går i bane rundt Melkeveiens sentrum. Ved å sjå på dopplerforskyvningen i frekvensen til radiostrålinga frå maserne, kan ein også måla farten langs synslinja. Dermed kan astronomane byggja opp eitt fullt tre-dimensjonalt bilete av korleis områda med stjerneproduksjon bevegar seg. Dette gjorde at dei fann at desse områda ikkje bevegar seg i ein sirkulær bane rundt galaksen, men at dei bevegar seg saktare enn andre område og i elliptiske banar. Det er grunn til å tru at denne åtferda stammar frå sjokkbølgjer som komprimerer gass i sirkulær bane slik at det blir stjerner danna som går inn i ein ny, elliptisk bane. Denne prosessen forsterkar spiralstrukturen i galaksen.
Det låg også fleire overraskeler på lur for astronomane. Ved å måla avstanden til fleire område i ein enkelt spiralarm kunne dei måla vinkelen til spiralarmen. Desse målingane gav indikasjonar på at Melkeveien har fire spiralarmar der gass og støv gir opphav til nye stjerner, og ikkje to som ein har trudd tidlegare. Nyare målingar gjort med NASAs Spitzer-teleskop har vist at eldre stjerner er stort sett i berre to av spiralarmane. Kvifor dei ikkje finst i alle armane er eit ope spørsmål som ein håpar å finna svar på etter kvart som ein får meir måldata og betre forståing for korleis galaksen fungerer.