Den internasjonale pioneren for det i dag svært viktige og store fagfeltet gravitasjonslinsing, professor Sjur Refsdal, døydde i Oslo torsdag 29. januar 2009, 73 år gammal. Sjølv om han det meste av karrieren sin arbeidde i utlandet, beheldt han heile tida tett kontakt med Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo, og etter at han gjekk av med pensjon i 2001 flytta han til Oslo og hadde arbeidsplassen sin hos oss som professor emeritus.
Februar
NASAs "Orbiting Carbon Observatory" feila under oppskyting i dag formiddag norsk tid. Topplokket på raketten som vart brukt til oppskytinga, og som vernar satellitten under oppskyting, skulle eigentleg ha opna seg, men dette skjedde ikkje. Satellitten skulle setjast ut i bane rundt jorda der ho skulle overvaka den globale karbon-syklusen til planeten.
Den japanske månesonden Kaguya (SELANE) har gitt ny innsikt og kunnskap om geologien til månen. I tre artiklar publiserte i tidsskriftet Science, viser forskarane mellom anna korleis gravitasjonen varierer på måneoverflata, korleis den vulkanske aktiviteten har variert, og kvifor det er lite sannsynleg at det finst flytande vatn under måneoverflata.
Etter kvart som utforskinga av andre planetar i solsystemet skyt fart, er det viktig å vurdera korleis me påverkar planetane me besøkjer. Dersom ein ikkje gjer konkrete tiltak mot det, kan ein vanleg romsonde ta med seg hundretusenvis av bakteriar på reisa. Vil desse klare å overleva? Og vil dei i så fall kunna skapa problem for menneskas utforsking av solsystemet i framtida?
Fermi-teleskopet til NASA har observert sitt første gammaglimt, ein type eksplosjonar som er universets kraftigaste, i høg oppløysing. Gammaglimtet er det mest ekstreme som er observert til no. Det hadde mest total energi, dei raskaste rørslene og den kraftigaste strålinga som nokon gong er observert.
NASAs Swift og Fermi-teleskop har observert korleis ei nøytronstjerne plutseleg blussar opp og sender ut kraftig gamma-stråling. Dette høg-energiske fyrverkeriet stammar frå ein sjeldan type av nøytronstjerner som heilt uventa kan finna på å blussa opp og senda ut gamma- og røntgenstråling.
Den hittil minste planeten i bane rundt ei anna stjerne har vorte oppdaga ved hjelp satellitten COROT. Planeten er nesten dobbelt så stor som Jorden i utstrekking, består av stein på lik linje med dei indre planetane i vårt eige solsystem, og går i bane rundt ei stjerne som liknar på vår eiga sol. Oppdaginga fører astronomane eit steg vidare på jakta etter buelege eksoplanetar.