Kagya-sonden (eller SELENE, Selenological and Engineering Explorer, som han også er kjend som) vart skote opp av den japanske romorganisasjonen JAXA i september 2007. Eitt av hovudmåla til sonden er å gjera geologiske målingar av månen.
Fordi månen ikkje har nokon atmosfære og dermed ikkje noko vêr, og heller ingen geologisk aktivitet, så har geologien på vår einaste naturlege satellitt vore bortimot uendra sidan solsystemet oppstod. Månen kan derfor innehalda viktige rettesnorer for å finna ut korleis solsystemet oppstod og utvikla seg i sin barndom. Men månen har nokre uvanlege eigenskapar som har vore vanskelege å studera så langt.
Månen roterer rundt aksen sin ein gong i løpet av ein runde rundt jorda. Derfor ser me alltid den same sida av månen her på jorda. Men dette gjer også at me ikkje får observert baksida av månen frå jorda. Til det treng me romsondar som kan gå i bane rundt månen. For å få observasjonane overført tilbake til jorda med ein gong, har Kaguya ein liten hjelpesatellitt, som går i ein mykje høgare bane enn hovudsatellitten, og sender observasjonane gjort med hovudsatellitten tilbake til jorda. Hjelpesatellitten er plassert slik at han er synleg både frå jorda og hovudsatellitten samtidig, slik at data kan overførast til jorda sjølv om hovudsatellitten "gøymer" seg bak månen.
Variasjonar i gravitasjonen
Ei gruppe med forskarar frå Kyushu Universitetet i Fukuoka, Japan, målte korleis gravitasjonen på månen varierer, spesielt rundt nedslagskraterne på baksida av månen. Etter kvart som gravitasjonen varierer, blir Kaguya drege nærare eller dytta lengre vekk frå månen. Dette påverkar vidare signalet som hovudsatellitten sender til hjelpesatellitten, og forskarane kan dermed kartleggja variasjonen.
Månen er dekt av nedslagskratere som han har fått frå kollisjonar med kometar og asteroidar. På framsida av månen har desse ofte platå-liknande områda med uvanleg høg gravitasjon ("positivt avvik") og består av ein type stein, kalla masconer, som har høgare tettleik enn elles. På baksida av månen klarte ikkje forskarane å finna nokre teikn på at denne typen stein er der. I staden fann dei konsentriske ringar med positive-negative-positive gravitasjonsavvik i botnen av nedslagskraterne. Mekanismane bak dette mønsteret tyder på at baksida av månen var kaldare enn framsida då månen var ung. Kvifor temperaturen til månen har variert slik er eit av spørsmåla som det står att å finna svar på.
Vulkanske forskjellar
Eit anna forskarteam frå Tohokuu Universitetet i Sendai, Japan, har undersøkt korleis laga rett under overflata på månen ser ut ved hjelp av eit radarinstrument ombord Kaguya. Sidan det ikkje er noko vatn på måneoverflata, kan radiostråling frå radaren trenga ned i dei øvre delen av måneskorpa, sannsynlegvis ned mot nokre få kilometer inn i måneskorpa.
På framsida av månen såg forskarane på ein av dei karakteriske, mørke slettene, Mare Serenitatis. Fleire hundre meter under overflata, fann dei eit tynt lag med laust, samanstyrta fjellmasse, med tjukke basaltiske lavalag over og under. Dette laget tyder på at månen har gått gjennom ein rolegare periode i forhold til vulkansk aktivitet i sin barndom. Forskarane trur dette har skjedd mellom 3,55 og 2,84 milliarder år sidan.
Kaguya har også observert område som har vorte forma av vulkansk aktivitet på baksida av månen. Ved å sjå på talet på nedslagskratere, kan ein anslå kor gamle vulkanane er. Desse observasjonane antydar at den vulkanske aktiviteten på månen stansa opp for 2,5 milliardar år sidan.
Flytande vatn lite sannsynleg
Kaguyas kartlegging av måneoverflata har også bidrege til at forskarane no trur det er lite sannsynleg at det finst flytande vatn nokon stad på månen, heller ikkje under overflata. Ved å sjå på detaljerte målingar av månens topologi, kunne forskarane måla "grovskapen" til overflata og vidare berekna stivheten til måneskorpa. Viss det var rennande vatn under overflata, ville skorpa ha vore litt fleksibel, men det er ho ikkje. Overflata er rett og slett for stiv til at det kan vera flytande vatn der, sjølv langt ned i bakken.
Forskarane håpar no at den nye kunnskapen om måneoverflata kan hjelpa dei med å forstå overflata til Mars. Overflata til Mars har ein grovskap som ligg omtrent midt i mellom månens og jordas. Dette kan tyda på at flytande vatn har vore vanleg tidlegare, men at overflata til Mars er veldig tørr no.
Kilde: Science, 13/2-09, Volume 323