Instituttets eldste professor emeritus, Rolf Brahde, døde igår ettermiddag, 91 år gammel.
Mai
It is with deep regret the Institute of Theoretical Astrophysics announces that our oldest emeritus professor, Rolf Brahde, passed away yesterday afternoon at the age of 91.
NASAs rombaserte infrarødt-teleskop, Spitzer Space Telescope, har avslutta hovuddelen av oppdraget sitt for astronomane på jorda. Etter meir enn fem og eit halvt år med utforsking av kosmos, slapp observatoriet førre veke opp for flytande helium, som har hjelpt til med å kjøla instrumenta. No byrjar den “varme” delen av observasjonane – mykje av det same, men også fleire nye vitskaplege prosjekt står for tur.
Klokka 15:12:02 i går ettermiddag norsk tid forlét satellittane Planck og Herschel jorda frå Korou i Fransk Guyana, etter eit par tiår med hardt arbeid og fleire utsetjingar. Om eit par månader vil dei to romfartøya for alvor byrja dei vitskaplege observasjonane sine, og me vil komma nærare det tidlege universet enn nokosinne. Norske forskarar står klare til å kasta seg over dataa.
Ei heil rekkje romprosjekt er klare for oppskyting dei neste vekene. Allereie førstkommande måndag sender NASA opp romferja for å besøkja sjølvaste Hubble-teleskopet, og tidleg i juni skal to sondar til månen. Ekstra spennande blir det for Europa når ESA den 14. mai sender opp sondane Planck og Herschel, med kvar dei banebrytande måla sine i sikte.