Vellykka oppskyting av Planck og Herschel

Klokka 15:12:02 i går ettermiddag norsk tid forlét satellittane Planck og Herschel jorda frå Korou i Fransk Guyana, etter eit par tiår med hardt arbeid og fleire utsetjingar. Om eit par månader vil dei to romfartøya for alvor byrja dei vitskaplege observasjonane sine, og me vil komma nærare det tidlege universet enn nokosinne. Norske forskarar står klare til å kasta seg over dataa.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 14, 2012
bilde av ariane 5 raketten
Ariane 5-raketten med den dyrebare lasta si forlèt Kourou og jorda. (Større versjon). Foto: ESA/CNES/ARIANESPACE – Photo Optique Video CSG, P. Baudon, 2009

To av dei mest ambisiøse romprosjekta som nokon gong har vorte skotne opp samtidig for å undersøkja universets kaldaste, eldste og mørkaste løyndommar, vart med suksess sett i gang i går ettermiddag. Oppå kvarandre, inne i toppen på ei Ariane 5-bererakett, sat den europeiske romorganisasjonen Esas nye, sofistikerte instrument: Det massive infrarødt-teleskopet Herschel, og bakgrunnsstrålings-kartleggjaren Planck.

Alt går etter planen

Nesten 26 minutt etter oppskytinga, og med eit par minutts mellomrom, vart kvar av satellittane separat sloppe laus og sendt inn i kvar sin bane mot eit punkt i rommet kalla det andre Lagrange-punktet (L2), som er 1,5 millionar kilometer frå jorda i motsett retning frå sola. På denne spesielle staden skaper den kombinerte gravitasjonskrafta frå jorda og sola eit stabilt punkt, og det som er i L2 bevegar seg like fort rundt sola som det jorda gjer. Herschel, den øvre passasjeren i raketten, vart separert først kl. 15:38 ved ei høgd på ca. 1150 km over den afrikanske austkysten. Eitt og eit halvt minutt seinare vart støttestrukturen, kalla Sylda, separert frå Planck. Planck sjølv vart separert kort tid etter, kl. 15:40, ved ei høgd på 1700 km.

Klokka 15:49 i går, litt under 40 minutt etter avgang, sende Herschel og Planck sine første radiosignal til jorda, og stadfesta at dei suksessfullt hadde vorte separerte frå bereraketten og at begge er i live.

Om ca. to månader vil dei to satellittane byrja dei vitskaplege observasjonane sine frå to separate banar rundt L2. Herschel vil då kunna peikast mot utvalde objekt på himmelen og få stråling frå dei i det fjerne infraraude spekteret. Planck vil byrja den kontinuerlege kartlegginga si av den kosmiske bakgrunnsstrålinga, ved å rotera éin gong i minuttet, slik at heile himmelen blir sveipt i løpet av seks månader.

Norske astronomar tungt involvert i Planck

Ti forskarar ved Institutt for teoretisk astrofysikk på Universitetet i Oslo skal jobba med forsking på data frå Plancksatellitten; tre faste vitskaplege tilsette saman med doktorgradsstudentar og postdoc-er. Instituttet har vore tungt involvert med dette prosjektet i 11 år, då dei har delteke i utviklinga av lågfrekvens-instrumentet på satellitten

Planck er designa for å kartleggja ørsmå fluktuasjonar (variasjonar) i den fossile strålinga late etter seg av det første lyset i universet, utstrålt kort tid etter big bang. Planck vil ha ein sensibilitet som er på grensa til det som er fysisk mogleg å oppnå gjennom eksperiment, og ved å studera desse fluktuasjonane i bakgrunnsstrålinga kan ein finna ut om bestanddelane til universet, slik som mørk energi og mørk materie. Kosmologene ved ITA er bl. a. interessert i å leita etter teikn på det som blir kalla anisotropier i universet, dvs. om universet har ei føretrekt retning, og ikkje ser likt ut i alle retningar ein observerer.

Illustrasjon av korleis Planck vil bevega seg vekk frå jorda og enda opp i bane rundt det andre Lagrange-punktet.Ill.: ESA (Image by C. Carreau)

Dei norske forskarane vil vera del av ei lita gruppe som fram til 2013 får eksklusiv tilgang til Planck-dataa. Inntil då har dei skrive under på at ingen informasjon om forskinga til dei enkelte skal frigivast. Ikkje berre er dette av omsyn til den knivskarpe internasjonale konkurransen blant forskarane, men også for å sørgja for at forskingsresultata får god tid på seg til å bli nøye gjennomgått, slik at ein kan unngå forhasta resultat med moglege feilkjelder, og dermed eit hundretals etterfølgjande artiklar som må forkastast.

Denne dobbelt-oppskytinga er altså krona på verket etter ca 20 års hardt arbeid utført av forskarar, ingeniørar, byggjefirma og tilsette ved ESA. Herschel og Planck er dei mest kompliserte vitskaplege satellittar nokosinne bygd i Europa, og har involvert meir enn 100 kontraktørar frå 15 europeiske land, og dessutan USA.

Published Aug. 14, 2012 12:13 PM - Last modified Jan. 30, 2025 1:03 PM