April

Published Aug. 14, 2012 11:29 AM

Oppdaginga av den hittil minste og lettaste planeten utanfor Solsystemet er annonsert. Planeten er i eit solsystem 20,5 lysår frå Jorden, og no er til saman fire planetar kjende rundt stjerna Gliese 581. Banen til ein av desse planetane er reviderte i same slengen, og denne planeten viser seg å vera i den såkalla buelege sona til stjerna.

Published Aug. 14, 2012 11:13 AM

NASAs Kepler-ekspedisjon har fått sine første bilete av stjernehimmelen, der han snart vil byrja å jakta på jordliknande planetar. Dei nye “first light”-bileta viser det utsnittet på himmelen som er Keplers mål for observasjonane: eit enormt stjernefelt i Cygnus/Lyra-regionen av Melkeveien. På eitt av desse bileta ser me heile det fulle synsfeltet, ei rein diamantgruve med millionar av stjerner.