Storleiken på utsnittet er 100 kvadrat-grader, og svarer til to utgåver av sjølve vogna i stjernebiletet Karlsvognen plassert side om side. Talet på stjerner i dette området som Kepler har fanga opp er estimert å vera heile 4.5 millionar, og meir enn 100 000 av dei vart plukka ut til å vera kandidatar til å jakta på jordliknande planetar. To andre bilete frå observasjonsfeltet (sjå figur nedanfor) fokuserer berre på ein tusendel av det totale området på himmelen. Det eine har zooma inn på ein stjernehop ved namn NGC 6791, som er 13 000 lysår frå jorda. Det andre tek for seg eit område som inneheld stjerna TreS-2, med ein Jupiter-liknande planet i bane rundt seg, som var kjent frå før.
Vil oppdaga hundrevis av nye planetar
Romsonden skal bruka dei neste tre og eit halvt år på å undersøkja dei 100 000 førehandsvalde stjernene. Med Kepler i bane rundt jorda forventar astronomane å oppdaga hundrevis av nye planetar utanfor solsystemet. Det er forventa at det vil bli funne planetar i alle variantar; frå store gassplanetar langt større ein Jupiter, til steinplanetar på storleik med vår eiga jord. Kepler er det første observatoriet som vil vera i stand til å finna klodar som liknar jorda, og som går i bane rundt stjerna si i ein avstand der temperaturen er akkurat passe for at det skal eksistera moglege sjøar og hav med vatn.
For å finna desse planetane, vil Kepler stira på denne eine flekken på himmelen heile si levetid. Den vil då sjå etter periodiske fall i styrken på lyset frå stjernene. Dette er forårsaka av at planeten delvis blokkerer stjerna si når ho går i bane rundt ho. Sjølve kameraet, med sine 95 megapiksler, er det største som nokon gong er skote opp i rommet, og kan detektere bitte små forandringar i lyset frå ei stjerne – så lite som 0.02 promille i forskjell i lysstyrke ved planetformørkingane.
Ill.: NASA
For å oppnå det presisjonsnivået som trengst for å oppdaga planetar så små som jorda, blir Keplers bilete med overlegg gjort litt uskarpe. Dette for å gjera talet på overeksponerte stjerner så lite som mogleg. Slik overmetting finst når dei mest lyssterke stjernene overbelastar enkelte pikslar i ein detektor, noko som gjer at signalet frå desse biletpunkta flyt over i nabo-pikslar.
Jakta kan starta
Forskarar og ingeniørar vil vera dei neste vekene på å kalibrera sjølve lysmålaren (fotometeret), Keplers vitskaplege instrument. Dei skal også justera posisjoneringa til teleskopet for å oppnå best mogleg fokus. Så snart dette er gjort unna, kan planetjakta byrja for alvor.
Satellitten er oppkalla etter den tyske astronomen Johannes Kepler (1571-1630), som er mest kjent for å ha beskrive rørslene til planetane i solsystemet ved hjelp av tre lover (Keplers lover). Innan Kepler vart skoten opp i rommet var det allereie funne godt over 300 eksoplanetar.