Januar

Published Aug. 13, 2012 4:05 PM

Fredag 23. januar annonserte forskarar ved NASA ei stor framtidig storhending innanfor solfysikken, nemleg tidspunktet for når me kan observera heile soloverflata samtidig, både baksida og framsida. Dette blir mogleg ved hjelp av dei to STEREO-satellittane som er på veg inn i banar der dei kan observera kvar si side av sola.

Published Aug. 13, 2012 3:01 PM

På Jorden produserer liv meir enn 90% av metanet i atmosfæren, medan resten kjem frå geologisk aktivitet. Metan i atmosfæren på Mars kan dermed bety at planeten anten har geologisk aktivitet eller biologisk liv. Ein studie gjort av forskarar ved NASAs Goddard Space Flight Center har gitt ny innsikt inn i korleis andelen av metan i atmosfæren til Mars varierer over tid, og der metanet stammar frå.

Published Aug. 10, 2012 3:12 PM

Astronomer ved NASAs Jet Propulsion Laboratory (JPL) har med hjelp av romteleskopet Hubble oppdaget en ny type stjerner som er lyssterke og fyker gjennom rommet i så høy hastighet at det dannes lysende sjokkbølger rundt dem. Astronomene tittet egentlig etter pre-planetariske tåker, aldrende stjerner som er i ferd med å skyve fra seg sine ytre lag slik at de blir lysende planetarisk tåke, men snublet i stedet over disse lynraske stjernene.

Published Aug. 10, 2012 2:25 PM

Eksoplaneten HD 80606b sin eksentriske bane rundt stjerna si, gjer at planeten har ekstreme klimavariasjonar. I det planeten er nærast stjerna i den elliptiske ferda si rundt ho, stig overflatetemperaturen frå 800 Kelvinar til 1500 Kelvinar på berre seks timar!

Published Aug. 10, 2012 1:49 PM

Chandrayaan-1 er den indiske romorganisasjonens (Indian Space Research Organisation, ISRO) første ekspedisjon til Månen. Sonden vart send opp 22. oktober 2008, og gjekk inn i bane rundt Månen 8. november same år. I tillegg til å bringa indisk romfart eit stort steg framover, er eit av måla til sonden å gi ny kunnskap om Månen. Kamera ombord har allereie rokke å ta mange flotte bilete av Månens overflate.

Published Aug. 10, 2012 1:40 PM

I den nære kjempegalaksen Centaurus A (NGC 5128) utmanøvrerer svært dramatiske fenomen seg. For det første er den delvis kaotisk utsjåande galaksen eit resultat av ein kollisjon mellom ein ellipseforma galakse og ein spiralforma følgjespersongalakse. Men inne i midten av ragnaroket slurpar eit supertungt svart hol i seg stoff frå omgivnadene. Astronomar har no brukt eit nytt teleskop i Chile til å visa dramatikken i kjernen.