STEREO ser baksida av sola

Fredag 23. januar annonserte forskarar ved NASA ei stor framtidig storhending innanfor solfysikken, nemleg tidspunktet for når me kan observera heile soloverflata samtidig, både baksida og framsida. Dette blir mogleg ved hjelp av dei to STEREO-satellittane som er på veg inn i banar der dei kan observera kvar si side av sola.

By Silje Bjølseth
Published Aug. 13, 2012
illustration av en satellitt i bane rundt sola
Den eine STEREO-satellitten i bane rundt sola, slik ein kunstnar ser det for seg. Illustrasjon: NASA.

6. februar 2011 vil dei to STEREO-satellittane vera 180 grader frå kvarandre. For første gong i historia vil me då kunne observera heile sola samtidig. STEREO-satellittane følgjer banen til jorda rundt sola. Den eine satellitten (STEREO-A, "Ahead") ligg føre jorda, medan den andre ligg bak (STEREO-B, "Behind"). Satellittane vart skotne opp 25. oktober 2006, og vart dei første satellittane i historia som utnytta Månens gravitasjon til å bli slyngd ut i dei respektive banane sine.

STEREO-satellittane er nokre av dei mest sofistikerte rombaserte sol-observatoria til NASA så langt. Dei har utstyr ombord som gjer at dei kan måla farten, retninga og samansetninga til solvinden. I tillegg kan dei ta imot radiostråling frå eksplosjonar og sjokkbølgjer i Solens atmosfære, ta bilete av soloverflata, og av koronaen til sola (ytre atmosfære).

Sidan 2006 har satellittane reist stadig lengre vekk frå kvarandre. I 2011 vil dei ha reist så langt frå kvarandre langs jordbanen, at dei står direkte overfor kvarandre med sola i midten. Per i dag har dei ein avstand frå kvarandre som gjer at dei kan observera over 270 (lengde-)grader på sola, noko som svarer til 3/4 av soloverflata. STEREO-B har dermed eit tre-dagars forsprang framfor observasjonar frå jorda. Forskarane gler seg no til å sjå "solas mørke side "". (Dette er berre ein liten solfysikk-spøk. Sola er sjølvsagt ikkje mørk på baksida).

graf
Plasseringa til dei to STEREO-satellittane (raud og grøn) i forhold til jorda (blå) og Solen (oransje). Illustrasjon: NASA/STEREO

Sol-vêrmelding

Ein av dei store fordelane med å sjå baksida av sola, er at det vil bli lettare å føresjå korleis sola kjem til å påverka oss her på jorda. Sola roterer rundt sin eigen akse, med ein rotasjonsfart på 25 dagar, sånn at me kan sjå heile Solens overflate i løpet av ein månad. Men Solen er ei aktiv stjerne, og det er mykje som kan skje i løpet av berre nokre få dagar. Solflekker kan oppstå, eksplodera og utvikla seg, koronahol kan oppstå og forsvinna, og magnetiske filamenter kan bli strekt til dei ryk og sleng varm gass utover i solsystemet.

Ved å sjå heile Solen vil me kunna overvaka denne typen aktivitet før dei blir synleg for oss. Desse fenomena påverkar oss her på jorda fordi dei påverkar solvinden. Solvinden er ein "vind" av lada partiklar som strøymer ut frå Solen og utover i solsystemet. Når denne vinden treffer jordatmosfæren kan det oppstå flotte polarlys (nordlys på den nordlege himmelhalvkula). Men solvinden kan også skada satellittar og astronautar i bane rundt jorda, som ikkje er verna av jordas magnetfelt som me her nede på jordoverflata er. Sterke utbrot på Solen har også klart å slå ut straumnett tidlegare. Vêrmeldingar av solvinden er derfor nyttig for at ein skal kunna ta dei forholdsreglane som er mogleg før eit stort utbrot når oss.

Ønskjer hjelp frå amatørastronomar

Data frå STEREO-satellittane blir lasta ned via Deep Space Network, eit internasjonalt nettverk av mellom anna radioantenner. Fordi dette nettverket er så populært, får ein berre brukt det til å lasta ned STEREO-data tre timar i døgnet. Det er nok tid til å lasta ned alt av data frå dei to satellittane frå det førre døgnet, men det gjer at det blir ei ekstra forseinking før dataa kjem fram. NASA har lyst til å kunna ta imot data døgnet rundt, og har derfor starta eit "mini-Deep Space Network". For å kunna vera med må ein ha eit radioteleskop på minst 10 meter i diameter og ein passande radiomottakar. Dataoverføringa er langsam, 500 bitar per sekund, slik at det tek 3 til 5 minutt å overføra eitt heilt bilete. Så langt har NASA samla radioteleskop frå Storbritannia, Frankrike og Japan, men dei vil gjerne ha fleire hjelparar.

Published Aug. 13, 2012 4:05 PM - Last modified Jan. 29, 2025 1:11 PM