Eksoplanet med hetetokt

Eksoplaneten HD 80606b sin eksentriske bane rundt stjerna si, gjer at planeten har ekstreme klimavariasjonar. I det planeten er nærast stjerna i den elliptiske ferda si rundt ho, stig overflatetemperaturen frå 800 Kelvinar til 1500 Kelvinar på berre seks timar!

By Silje Bjølseth
Published Aug. 10, 2012
simulasjonsbildet av en planet
Dette datalaga biletet viser korleis vêr-mønsteret på planeten HD 80606b endrar i løpet av dagane etter di næraste passering av stjerna den går i bane rundt. Bileta er laga med datasimuleringar som baserer seg på målingar gjort med NASAs romteleskop Spitzer. Dei seks illustrasjonane er jamt fordelte i tid frå 4,4 til 8,9 dagar etter næraste passering av stjerna. Det blå skjeret kjem av lys frå stjerna som har vorte spreidd og reflektert av planeten. Lyset frå stjerna ser blått ut fordi planeten absorberer veldig bra lys frå den raude delen av spekteret. Det rødlege skjeret kjem frå varmestråling frå planeten. Illustrasjon: NASA/JPL-Caltech/UCSC.

Planeten er ei gasskjempe som er 190 lysår unna oss, og bruker berre 3 månader (111 dagar) på ein runde rundt stjerna si. Den var allereie kjend for den uvanlege banen sin som er så eksentrisk at når planeten er lengst unna stjerna kjem den nesten like langt ut som Jorden er frå sola, medan på det næraste er ho nærare enn Merkur er frå sola. HD 80606b vart oppdaga i 2001 av eit sveitsisk team av astronomar som jaktar på planetar. Dei oppdaga også den eksentriske banen til planeten, som liknar meir på ein komet-bane enn på ein planet-bane.

Planeten gjennomfører mesteparten av tida si i dei ytre delane av banen, der han bevegar seg relativt sakte i forhold til kva han gjer i dei indre delane. Dette fenomenet er kjent som Keplers andre løyve. Viss du kunne opphalda deg over skyene på planeten ville du sjå at stjerna ikkje berre vart større og større i det planeten nærmar seg stjerna, men at stjerna blir fortare større. Det motsette skjer når planeten er på veg vekk frå stjerna. Då vil stjerna storleik minka saktare og saktare. Utstrekkinga til stjerna på planet-himmelen aukar tusen gonger mellom det ytste punktet i banen og det inste.

Hetebølgje

Astronomane brukte romteleskopet Spitzer til å observera planeten. Medan dei planla observasjonane sine, visste dei ikkje om planeten kom til å forsvinna bak stjerna i løpet av runden sin rundt eller ikkje. Hendinga når ein eksoplanet forsvinn bak stjerna si blir kalla ei sekundær formørking. Heldigvis for astronomane forsvann planeten bak stjerna. Dette gjorde at dei kunne finna temperaturen til planeten før og etter den sekundære formørkinga. Hadde ikkje planeten vorte formørkt, ville me berre ha visst korleis temperaturen varierer utan å vita noko om avstanden han varierer over.

Dei ekstreme temperaturforandringane indikerer at planeten ikkje berre absorberer varme raskt, men at han også mistar varmen igjen raskt. Denne typen informasjon om ein eksoplanets atmosfære, om korleis han reagerer på rask oppvarming, har ikkje tidlegare vorte observert. Ved å studera planetar under slike ekstreme tilstandar, kan astronomane læra meir om korleis dei taklar oppvarming. Klarer planeten å behalda på varmen eller forsvinn han ut igjen i rommet ved første høve? I dette tilfellet er det det sistnemnde som skjer. Sidan planeten er ei gasskjempe, ville sannsynlegvis det same skje med Jupiter dersom me kunne drege planeten inn i ein tilsvarande bane rundt sola.

I motsetning til dei fleste eksoplanetar som er gasskjemper og går i bane veldig nært stjernene sine, har HD 80606b den fordelen at han roterer relativt raskt om sin eigen akse. Ein dag på planeten varer i 34 timar. Dei fleste såkalla varme Jupiter-planetar har ein rotasjon rundt sin eigen akse som er bunden til banen dei har rundt dei respektive stjernene sine på grunn av tidvasskrefter. Dette gjer at planetane alltid viser same side mot stjerna si, på same måte som at Månen alltid viser den same sida mot Jorden. Nettopp fordi HD 80606b roterer mykje raskare om sin eigen akse, så kunne astronomane måla korleis planetatmosfæren reagerer på den kraftige oppvarminga. Planeten rekk å rotera slik at varmepunktet ("hotspott") blir synleg sjølv når planeten har nattsida mot oss.

Astronomane ventar no på at planeten skal passera framfor stjerna sin 14. februar, i håp om at dei kan læra endå meir om korleis ho fungerer.

Published Aug. 10, 2012 2:25 PM - Last modified Jan. 29, 2025 1:17 PM