Ei oversikt over kommande oppskytingar

Ei heil rekkje romprosjekt er klare for oppskyting dei neste vekene. Allereie førstkommande måndag sender NASA opp romferja for å besøkja sjølvaste Hubble-teleskopet, og tidleg i juni skal to sondar til månen. Ekstra spennande blir det for Europa når ESA den 14. mai sender opp sondane Planck og Herschel, med kvar dei banebrytande måla sine i sikte.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 14, 2012
Herschel og Planck
Herschel og Planck. Illustrasjon: ESA.

Under følgjer ei lita oversikt over dei kommande romferdene til NASA og ESA

Planck/Herschel: Ei ny og betre kartlegging av universet

Satellitten Planck skal kartleggja heile himmelen i mikrobølgjeområdet: Den skal sjå på den kosmiske bakgrunnsstrålinga, den svake strålinga som dekkjer heile himmelen og som stammar direkte frå ekkoet til big bang. Bakgrunnsstrålinga har vist seg å ha ørsmå variasjonar i temperatur, og ved å måla desse nøyaktig, kan ein mellom anna finna svar på korleis universet ein gong såg ut, og korleis det kjem til å utvikla seg – nokre av dei største spørsmåla i kosmologien. WMAP-satellitten gjorde nettopp slike målingar for nokre år tilbake, men Planck vil ha ti gonger større oppløysing enn WMAP, så han kan sjå endå mindre detaljar. Den er også meir kjenslevar enn WMAP, slik at trekk ved bakgrunnstrålinga som tidlegare har vore for svake til å studerast, kan oppdagast med Planck.

Herschel er eit stort teleskop som skal observera i infraraudt lys. Med sitt 3,5 meter store speglar er dette det største infraraude observatoriet som nokon gong er skote opp i rommet (spegelen til det noverande rombaserte IR-teleskopet Spitzer har ein diameter på berre 0,85 meter). Herschel skal kikka på lys som ligg i det fjerne infraraude spekteret, med bølgelengder frå 55 til 672 mikrometer. Til samanlikning ligg dei lengste bølgelengdene det menneskelege auget kan oppfatta på rundt 0,7 mikrometer.

Både Planck og Herscel, begge store konstruksjonar, skal sendast opp på same rakett, av typen Ariane 5. For å kunna klara dette er denne typen bererakett spesielt designa for dobbel last, og begge satellittane innkapsles under eit deksel. Datoen for oppskyting av Planck og Herschel, som skal skje frå Europas romhamn i Fransk Guyana, blir allereie 14. mai, og planlagt klokkeslett er 15.12 norsk tid.

LRO/LCROSS: Første steg på veg tilbake til månen

illustrasjon av temperaturen i et krater på månen
Slik førestiller ein kunstnar seg at LRO har kartlagt temperaturen i eit krater på månen.
Illustrasjon: NASA

Lunar Reconnaicance Orbiter (LRO) er NASAs første ledd i planen om å senda menneske på ny til månen. Sonden skal gå i bane rundt månen for å leita etter trygge område å landa i, lokalisera moglege ressursar på overflata, og dessutan gjennomføra målingar av stråling som menneske på månen vil bli utsett for. Alt dette, og meir, ved hjelp av dei sju vitskaplege instrumenta ombord.

Lunar CRater Observation and Sensing Satellite (LCROSS) er eit prosjekt som har som hovudmål å leita etter vatn på månen. Spesielt vil han leita i kratere, der heile eller delar av krateret alltid er i skugge frå sola. I tillegg skal LCROSS senda ut ein liten sonde som skal kollidera på måneoverflata. Viss alt går etter planen, vil materien som blir slyngd ut frå kollisjonen kunne studerast av LCROSS, og eventuelle førekomstar av vass-is og vassdamp kan målast.

LCROSS og LRO vil bli skote opp saman ombord på ein Atlas V-rakett. To timar etter oppskytinga vil dei to sondane separerast og gå kvar sin veg. Tilsaman vil desse to prosjekta kunna vera til stor hjelp for etableringar av eventuelle permanente basar på månen i framtida. Datoen for oppskyting er sett til seinast 2. juni i år.

STS-125: Romferja tek farvel med ein kjær venn i rommet

Astronauten F. Story Musgrave, fastspent på romfergen Endeavours robotarm, i ferd med å bli styrt mot Hubble under romteleskopets første service-besøk i 1993. Foto: NASA

Allereie førstkommande måndag, 11. mai, kl. 20.01 norsk tid, vil NASA senda opp romferja Atlantis. Sju astronautar skal besøkja det som sannsynlegvis er den viktigaste satellitten som nokon gong er skoten opp - Romteleskopet Hubble. I løpet av 11 dagar skal det utførast 5 rom-promenadar, og mannskapet skal reparera og oppgradera teleskopet med nye instrument, slik at det kan gjerast betre enn nokon gong, med forlengt liv til å gi oss dyrebare observasjonsdata frå universet rundt oss – og ikkje minst vakre bilete – i fem år til eller meir.

Hubble vart skote opp med romferja Discovery i 1990, og har sidan den gong hatt fire service-besøk frå jorda. STS-125 blir altså den femte, men etter dette er det stopp: NASAs romferjeprogram skal pensjonerast i 2010, så når astronautane etter 11 dagar igjen er på veg mot jorda, er det etter å ha teke farvel med ein kjær venn.

Published Aug. 14, 2012 12:07 PM - Last modified Jan. 30, 2025 12:45 PM