Slutten på kjølevæska, i dette tilfellet altså flytande helium, vil bli starten på ein ny epoke for Spitzer-teleskopet. I byrjinga av "den varme perioden" til teleskopet vil to av kanalane på eitt av instrumenta framleis fungera på full kapasitet.
NASAs store rom-observatorium
Spitzer er det seinaste av NASAs store observatorium i rommet, ein serie teleskop spesielt laget for å kunna sjå og studera dei synlege og usynlege fargane i universet. Dei andre teleskopa er Hubble-teleskopet, som observerer i optisk (synleg) lys, røntgenobservatoriet Chandra, og Compton Gamma Ray Observatory, som fangar inn høg-energetiske gammastrålar.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Den store fordelen med å ha teleskop plassert ute i verdsrommet framfor å ha dei nede på bakken, er at ein slepp å ha jordatmosfæren i vegen. Ikkje berre unngår ein å måtta korrigera for den turbulente lufta (som er grunnen til at stjernene blinkar), men atmosfæren vår absorberer også ein god del lys i ulike delar av det elektromagnetiske spekteret, og slepper anna lys igjennom. Det er altså ei stor mengd bølgelengder av lys ein rett og slett ikkje kan studera frå bakken. Den infraraude delen av spekteret er spesielt utsett for atmosfærens absorbsjon, og slikt lys eignar seg dermed best til å observera med romteleskop som Spitzer.
For at eit teleskop skal kunna observera infraraudt lys (som essensielt er det me til dagleg kjennar som varmestråling) frå kjølige, kosmiske objekt, er det nødvendig at sjølve istrumentet har så lite som mogleg av sin eigen varme, elles ville dette påverka observasjonane i aller høgaste grad. Dei siste fem åra har det derfor strøymt flytande helium gjennom Spitzers “årer”. På denne måten har instrumenta vore kjølt ned til -271 °C, mindre enn 3 grader over det absolutte nullpunktet, og eit lite hakk kaldare enn den lågaste temperaturen som naturleg finst i universet, som kjem frå den kosmiske bakgrunnsstrålinga.
Spennande vitskap
Kjølesystemet var laga for å halda i så lite som to og eit halvt år, men det effektive designet hos Spitzer og forsiktig handtering gjorde at det viste seg å vara i heile fem og eit halvt år, fram til 15. mai. Då gjekk teleskopet automatisk inn i ein standby-modus. Dei neste vekene vil forskarar og ingeniørar dermed kunna rekalibrere instrumentet til å takla dei relativt varmare (ca 30 K eller -243 °C) temperaturane som er i vente. Temperaturauken betyr at to av Spitzers instrument (eit kamera som opererer på lengre bølgelengder, og dessutan ein spektrograf) ikkje lenger vil vera kalde nok til å oppdaga kjølige objekt i rommet.
Foto: NASA/JPL-Caltech/S. Stolovy (Spitzer Science Center/Caltech)
Dei to detektorane på teleskopet som har operert på kortast bølgelengder, derimot, kan halda fram med å fungera for fullt. Dei vil framleis kunna fanga opp gløden frå ei rekkje objekt: asteroidar i vårt eige solsystem, støvete stjerner, skiver av gass og støv rundt unge stjerner der det blir danna planetar, kjempeplanetar av gass, og dessutan fjerne galaksar. I tillegg vil Spitzer vera i stand til å see gjennom støvet som gjennomsyrar vår eigen galakse, og blokkerer utsikta i synleg lys.
Med desse to infraraude kanalane oppe, vil astronomane som jobbar med Spitzer kunne utføra ny, viktig og spennande vitskap. Dei vil no kunna utnytta desse instrumenta som er att til sine aller beste eigenskapar, og fokusera på dei deler av universet der menneska framleis har mykje å læra.
Spitzer Space Telescope vart skote opp frå Cape Canaveral i Florida, USA den 25. august 2003, og sidan den gong har teleskopet bidrege med ei rekkje gjennombrot innan astronomien. Observasjonar av nære og fjerne kometar har fastslått at det både kometar og planetar består av er likt gjennom heile solsystemet. Spektakulære bilete av støvete fødeplassar for stjerner har gitt innsikt i korleis stjerner blir til. I det svært fjerne universet, milliardar av lysår unna, har Spitzers skarpe auge avslørt hundrevis av massive svarte hol. Dei kanskje mest revolusjonerande og overraskande funna frå Spitzer involverer planetar rundt andre stjerner, såkalla eksoplanetar: Før Spitzer kunne me berre rekna oss fram til planetar rundt andre stjerner ved indirekte målingar. Spitzer var det første teleskopet som direkte oppdaga lys frå ein eksoplanet. Det var ingen som hadde tenkt seg at Spitzer-teleskopet kunne vera istand til å oppdaga eksoplanetar då det vart laga.