Korleis verna Mars mot biologisk forureining

Etter kvart som utforskinga av andre planetar i solsystemet skyt fart, er det viktig å vurdera korleis me påverkar planetane me besøkjer. Dersom ein ikkje gjer konkrete tiltak mot det, kan ein vanleg romsonde ta med seg hundretusenvis av bakteriar på reisa. Vil desse klare å overleva? Og vil dei i så fall kunna skapa problem for menneskas utforsking av solsystemet i framtida?

By Silje Bjølseth
Published Aug. 13, 2012
bildet av landingsmodul på Mars
Landingsmodulen til Viking 2 på Mars i 1976. Foto: NASA

Den internasjonale komiteen for romforsking (COSPAR) har utarbeidd retningslinjer for korleis planetar skal vernast slik at dei ikkje blir "forureina" av besøkjande sondar. Dette er for å unngå at framtidige forskingsresultat blir forstyrra eller øydelagde av mikroorganismar som har vorte med som blindpassasjerar.

COSPAR har hatt liknande retningslinjer for dette tidlegare. Då NASAs to Viking-sondar landa på Mars i 1976 hadde dei på førehand vorte steriliserte med varmebehandling for å unngå at mikroorganismar vart med på ferda. Etter Viking-ferdene bestemde COSPAR at miljøet på Mars var såpass ugjestmildt at det ikkje lenger var behov for den typen sterilisering med mindre sonden skulle leita etter mikroskopisk liv på Mars. Ein reknar dermed med at til dømes begge Mars-roverane (Spirit og Opportunity) har teke med seg fleire hundretusen bakteriar.

COSPAR reviderte retningslinjene i 2003 slik at sondar som har kontakt med spesielle område der det er større sjanse for at liv kan overleva, må varme-steriliseres på førehand. Dette påverka Phoenix-sonden som landa på Mars i mai 2008. Phoenix var utstyrt med ein grave-arm som skulle grave ned i Mars-overflata på søken etter vassis. Sidan vatn er ein viktig ingrediens for at liv skal overleva, vart dette sett på som eit utsett område. Grave-armen vart dermed sterilisert slik at ingen mikroorganismar skulle komma i kontakt med vassisen. Mikroorganismar på overflata til Mars vil bli drepen innan få minutt på grunn av den kraftige UV-strålinga frå sola. I motsetning til Jorden har ikkje Mars ein tjukk atmosfære som kan verna organismar på overflata mot UV-stråling. Men bakteriar kan overleva dersom dei er på innsida av romsonden, der dei er verna mot strålinga og kvar dei kan overleva i dvale på grunn av den tørre lufta. Først etter hundretusenvis av år vil dei bli drepe av kosmisk stråling.

Kva gjer me viss me finn liv på Mars?

Det er godt mogleg at eventuelle (mikroskopiske) livsformer på Mars ikkje er så annleis frå jordas, sidan dei to planetane har utveksla meteorittar som mikroskopisk liv kan ha hange med på. Alternativet er at liv på Mars har oppstått heilt på eiga hand, og dermed kan ha utvikla seg veldig annleis frå livet på jorda (også når det gjeld mikroskopisk liv). I så fall vil berre ein bakterie frå jorda utgjera ein alvorleg trussel mot livet på Mars. Vidare, dersom me finn liv på Mars og det viser seg å ha oppstått på eigenhand, vil det opna for ein diskusjon om ein til dømes skal gjera tiltak for å varma opp planeten, slik at livet kan utvikla seg. Dersom me skulle finna liv på Mars må ein også vurdera om noko skal gjerast med dei sondane som har landa på Mars utan å vera steriliserte på førehand.

Sterilisering av romsondar er ikkje lenger pålagde, men det er mogleg å gjera det. Sterilisering er derimot ikkje ei moglegheit den dagen me sender menneske til Mars. Det er heller ikkje realistisk å tru at ein bemanna base på Mars kan unngå å leka mikroorganismar ut i Mars-"naturen".

Romsondane som har landet på Mars så langt har alle konsentrert seg om overflata til Mars. Dette gjer at ei eventuell biologisk forureining blir verande lokalt og statisk, og kan relativt enkelt fjernast ved eit seinare tidspunkt. Sjølv der sondar har kræsjlandet eller på andre måtar har fjerna det øvste laget av stein og sand, vil forureininga kunna fjernast ved å bestråla området med kraftig UV-lys. Men viss me derimot byrjar å grava djupare ned i Mars-overflata, vil det vera nødvendig med sterilisert utstyr dersom me ikkje skal utsetja Mars for irreversibel forureining. Eit liknande problem vil oppstå dersom ein bestemmer seg for å byggja ein base inne i ei hòle. Her vil ikkje UV-strålinga trengja inn og drepa uvedkomande mikroorganismar.

Dette er viktige ting å tenkja på i tida framover mot bemanna ferder til Mars, og i påvente av ei stadfesting eller avkrefting på at det finst mikroskopisk liv på Mars.

Kilde: Tidsskriftet Science, vol. 323, no. 5915. 6. januar 2009

Published Aug. 13, 2012 3:24 PM - Last modified Jan. 30, 2025 10:02 AM