«Bitte liten» eksoplanet funne

Den hittil minste planeten i bane rundt ei anna stjerne har vorte oppdaga ved hjelp satellitten COROT. Planeten er nesten dobbelt så stor som Jorden i utstrekking, består av stein på lik linje med dei indre planetane i vårt eige solsystem, og går i bane rundt ei stjerne som liknar på vår eiga sol. Oppdaginga fører astronomane eit steg vidare på jakta etter buelege eksoplanetar.

By Silje Bjølseth
Published Aug. 10, 2012
illustrasjon av en stjerne og en planet som går i bane foran stjerne
Ein av metodane for å oppdaga eksoplanetar går ut på å observera korleis lysstyrken til stjerna minkar i det planeten passerer mellom oss og stjerna. Ein slik passeringa blir kalla ein planetpassasje. Illustrasjon: CNES/ESA

Rundt 330 eksoplanetar (planetar i bane rundt andre stjerner enn vår eigen) har vorte oppdaga til no. Dei aller fleste av desse er store gassplanetar som liknar på Jupiter og Neptun. Desse planetane er enklare å oppdaga nettopp fordi dei er så mykje større enn dei mindre jord-liknande planetane. Astronomane har fleire metodar for å oppdaga eksoplanetar. Fordi lyset frå stjernene er så veldig kraftig, er det veldig vanskeleg å observera eksoplanetar direkte med dagens teleskop.

I staden ser astronomane etter teikn på korleis planetane påverkar stjernene dei går i bane rundt. Dei to vanlegaste metodane er å sjå på korleis gravitasjonen til planeten påverkar stjerna, og korleis lysstyrken til stjerna varierer når planeten passerer mellom oss og stjerna. Begge desse metodane fungerer mykje betre for store planetar (på storleik med Jupiter og større) enn for små (på storleik med Jorden).

Satellitten COROT, laget av den franske romorganisasjonen CNES, er designa for å leita etter buelege, jord-liknande planetar i bane rundt andre stjerner. Det er ein stor fordel med rombaserte teleskop, sidan desse kjem over den turbulente og forstyrrande atmosfæren til Jorden. COROT er den første satellitten som kan leita etter små planetar som består av stein (som Jorden, Mars, Venus og Merkur) og ikkje berre store gassplanetar (som Jupiter, Saturn, og Neptun). Satellitten vart skoten opp i desember 2006.

Jakta på jord-liknande planetar

Den nye planeten som COROT no har oppdaga, kalla COROT-Exo-7b, skil seg ut frå dei fleste andre kjende eksoplanetar. Den har ein diameter på mindre enn to gonger Jordens, som gjer han til den minste eksoplaneten som er oppdaga til no, og har ein masse på 5-10 gonger Jordens. Det har vorte oppdaga eksoplanetar med mindre masse, men i fysisk storleik er dette den minste. Målingane av masse og storleik tyder også på at planeten har ein tettleik som liknar på Jordens. Den er den mest jord-liknande eksoplaneten me har funne til no.

COROT-Exo-7b går i ein bane som ligg veldig nær stjerna, som er rundt 450 lysår unna oss. Den bruker berre 20 timar på å fullføra ein runde rundt stjerna. Til samanlikning bruker Jorden eitt år på å fullføra ein runde rundt sola. Fordi COROT-Exo-7b er så nær stjerna si, har den ein veldig høg temperatur på overflata, mellom 1000 og 1500 grader Celsius. Detaljane rundt tettleiken til planeten er framleis usikker. Den kan bestå av stein slik som Jorden og vera dekt av flytande lava, eller han kan bestå av omtrent like mykje vatn som stein og dermed falla inn under ein ny klasse med planetar. Viss han inneheld mykje vatn vil planeten ha eit veldig fuktig klima sidan det er så høge temperaturar på overflata.

Oppdaginga av COROT-Exo-7b vart gjord med planetpassasje-metoden, altså ved å sjå på korleis lysstyrken til stjerna endra seg i det planeten passerte framfor han. Oppdaginga har noko å seia fordi ein for første gong har klart å fastslå massen til ein liten eksoplanet. Ved tidlegare observasjonar av små eksoplanetar har det vore stor uvisse om massane deira. Oppdagingane av nye, og spesielt jord-liknande, planetar kan hjelpa astronomane å forstå korleis vår eigen planet har oppstått og utvikla seg.

Kepler vil halda fram jakta

5. mars i år vil NASA senda opp satellitten Kepler, som på lik linje med COROT skal leita etter små, jord-liknande planetar ved hjelp av planetpassasje-metoden. Kepler er spesielt designa for å leita etter jord-liknande planetar i og i nærleiken av den buelege sona rundt andre stjerner. Den buelege sona er den avstanden frå ei stjerne der det verken er for varmt eller for kaldt til at liv kan trivast. Med Kepler håpar astronomane også på at me skal kunna avgjera kor vanleg det er med jord-liknande planetar i bane rundt andre stjerner.

Published Aug. 10, 2012 2:34 PM - Last modified Jan. 29, 2025 4:06 PM