Frå oppdaginga i 1930 vart Pluto rekna som Solsystemets ytste plana inntil astronomane i 2006 avgjorde at Pluto skal reknast som dvergplanet og ikkje ein fullverdig planet. I fjor sommar fekk Pluto i tillegg nemninga plutoide.
Pluto er nesten 6 milliardar kilometer frå Solen – 40 gonger lenger unna enn Jorden – og får under ein tusendel så mykje solvarme. Temperaturen er derfor temmeleg hustrig. På overflata er det rundt 220 minusgrader (den absolutt lågast moglege temperaturen er 273 minusgrader).. Men Pluto har ein ganske avlang bane som gjer at det i nokre tiår av den 248 år lange omløpstida til objektet rundt Solen er innanfor banen til Neptun. Pluto er no på veg vekk frå Solen igjen og den tynne atmosfæren som finst vil etter kvart frysa til is på overflata.
Når Pluto om eit par hundre år igjen nærmar seg Solen vil isen fordampa og attskapa atmosfæren! Plutos atmosfære er berre ein 100 000-del av Jordens og består av mest nitrogen, spor av metan og antakeleg CO.
Pluto har aldri vorte besøkt av romsondar og det var først på 1980-talet atmosfæren vart oppdaga. Så langt har forskarane berre kunna studera dei ytre laga, men eit spesielt kamera for observasjonar av infraraudt lys (CRIRES) i kombinasjon med eit av Jordens største teleskop har klart å avdekkja korleis heile atmosfæren er bygd opp.
Foto: ES/NASA/STScI
Varme i isøydet
På Jorden søkk temperaturen oppover med omtrent 6 grader per kilometer. På Pluto er det motsett – temperaturen stig med 3 til 15 grader per kilometer oppover og gjer at nesten heile atmosfæren er 40 grader mindre iskald enn bakken. Ein slik såkalla temperaturinversjon ser ut til å dekkja det meste av dvergplaneten, kanskje heile.
Årsaka er overraskande store mengder med metan- omkring ein halv prosent av atmosfæren er metan.
Anten er Pluto dekt av eit tynt lag med metan som hindrar at nitrogenisen fordampar, eller det er område med reint metan på overflata.