For få år sidan sørgt nye observasjonsmetodar, intens leiting og romsondar for at over 100 månar vart oppdaga på kort tid rundt dei ytre planetane i Solsystemet. Oppdagingane har roa seg ned og alle månar med litt storleik er antakeleg oppdaga. Men rundt Saturn finst i tillegg til ein liten armada med månar også eit spektakulært ringsystem. Fleire månar skjuler seg inne blant ringane og no melder IAU, Den internasjonale astronomiske union, at endå ein knøttliten måne er oppdaga. Den er inne i G-ringen i ein bane mellom månane Janus/Epimetheus og Mimas. Dei første bileta som viste objektet vart tekne 15. august 2008, men S/2008 S 1 som er den offisielle nemninga til objektet, er observert i alt 21 gonger fram til no.
Objektet går i ein nesten fullstendig rund bane i ringplanet og bruker 0,8 døgn på eit omløp rundt kjempeplaneten. Månen er 107200 kilometer over Saturns overflate. Dette er til dømes under ein tredel av avstanden mellom Jorden og Månen.
S/2008 S 1 er inne i ein lyssterk bogedel av G-ringen og forskarane går ut frå at månen er ei viktig kjelde til småpartiklane som finst i nettopp denne ringen.
Storleiken på S/2008 S 1 er truleg omkring 250 meter. Mange av småmånane som går i bane rundt Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun er innfanga asteroidar.