Kjempering oppdaga rundt Saturn

Ein svært stor ring er oppdaga rundt ringplaneten Saturn. Det fantastiske ringsystemet til planeten vart først sett av Galileo Galilei i 1609, men no er ein ny ring overraskande nok oppdaga. Det passar derfor spesielt bra at oppdaginga er gjord i Det internasjonale astronomiåret.

illustrasjon viser raud ring og ei oransje kule

Kunstnarisk framstilling av den nesten usynlege ringen rundt Saturn. Oppdaginga av ho utan samanlikning største ringen i Solsystemet vart gjord med det NASAs Spitzer-teleskop som observerer infraraud stråling. Saturn er berre ein liten flekk inne i sentrum av ringsystemet. Mesteparten av materialet i den nyoppdaga ringen ligg frå 6 til 18 millionar km frå planeten. Ringens diameter svarer til omtrent 300 Saturn-diametrar. Inne i sirkelen er det eit forstørra bilete av Saturn i infraraudt lys. Foto: NASA/JPL-Caltech/Keck

Oppdaginga av ein av dei største enkelt-strukturane i Solsystemet er gjorde med NASAs Spitzer-teleskop som observerer infraraudt lys (varmestråling) frå kjølige objekt i verdsrommet. Ringen er svært brei: Hovudtyngda av materialet i ringen er 6–18 millionar kilometer frå Saturn, og ringen er stor nok til å romma omkring ein milliard jordklodar.

Ein av dei ytre månane til Saturn, Phoebe, er inne i den nyoppdaga ringen og er sannsynlegvis kjelda til materialet i ringen.

Tettleiken av is- og støvpartiklane i ringen er veldig låg. Spitzer klarte registrera gløden frå støvet, som held 190 minusgrader.

Oppdaginga ser ut til å hjelpa til å løysa mysteriet med månen Iapetus. Denne månen har ei side som er lys og ein som er veldig mørk.

biletet av ei kvit og grå kule
Den snodige månen Iapetus, som er lys på den eine sida, og svært mørk på den andre. Den nyoppdaga ringen kan forklara nettopp dette fenomenet hos månen. ​​​​​Foto: NASA/JPL/Space Science Institute

Kjemperingen kan rett og slett vera forklaringa på fargeforskjellen: Ringpartiklane sirklar rundt Saturn i same retning som Phoebe, medan Iapetus og dei fleste av dei andre Saturn-månane bevegar seg motsett veg. Noko av det mørke og støvete materialet frå den ytre ringen bevegar seg innover mot Iapetus og dundrar inn i den isete månen som insekt på frontruta på ein bil.

By Knut Jørgen Røed Ødegaard
Published Aug. 21, 2012 12:17 PM - Last modified Feb. 10, 2023 12:53 PM