Ei lang rekkje teleskop i verdsklasse vende i natt blikket mot gammaglimtet GRB 090423 for å måla dets eigenskapar. Dei førebelse resultata tyder på at gammaglimtet sprengjer alle tidlegare rekordar når det gjeld avstand: På ufattelege 13 milliardar lysår unna er dette det desidert fjernaste objekt nokosinne observert.
April
Oppdaginga av den hittil minste og lettaste planeten utanfor Solsystemet er annonsert. Planeten er i eit solsystem 20,5 lysår frå Jorden, og no er til saman fire planetar kjende rundt stjerna Gliese 581. Banen til ein av desse planetane er reviderte i same slengen, og denne planeten viser seg å vera i den såkalla buelege sona til stjerna.
NASAs Kepler-ekspedisjon har mottatt sine første bilder av stjernehimmelen, hvor den snart vil begynne å jakte på jordlignende planeter. De nye “first light”-bildene viser det utsnittet på himmelen som er Keplers mål for observasjonene: et enormt stjernefelt i Cygnus/Lyra-regionen av Melkeveien. På ett av disse bildene ser vi hele det fulle synsfeltet, en ren diamantgruve med millioner av stjerner.
Astronomar frå Australia, Storbritannia og USA har nettopp ferdigstilt den mest detaljerte kartlegginga av det lokale universet. Dette vil avsløra ikkje berre kvar galaksane er, men også kvar dei er på veg, kor fort, og kvifor.