Fire frå FAI fekk farmasøytisk forskingsstipend

Norsk Farmasøytisk Selskaps stipend til Markus Herberg Hovd, Eric Ofosu Kissi, Maruianne Lea og Gezime Seferi.

Portretter av Hovd, Kissi, Lea og Seferi

Frå venstre øverst: Markus Herberg Hovd, Eric Ofosu Kissi, Marianne Lea og Gezime Seferi. Foto: UiO

Under Farmasidagene fredag 8.11 delte Norsk Farmasøytisk Selskap ut kr. 200 000,– i forskingsstipend. Fire av desse gjekk til forskarar ved Farmasøytisk institutt:

Eric Ofosu Kissi, postdoc: kr. 20 000,– til prosjektet «3D printing of drugs for personalised medical treatment»

Gezime Seferi, stipendiat: kr 15 000,– til prosjektet «HCAR1 i cerebral insulinresistens og Alzheimer’s sykdom»

Marianne Lea, postdoc: kr. 15 000,– til prosjektet «OPERA-studien, Oslo Pharmacist Intervention Study – Effect on Readmissions»

Markus Herberg Hovd, stipendiat: kr 25 000,– til prosjektet «Fysiologibasert farmakokinetisk modellering»

Publisert 15. nov. 2019 07:45 - Sist endret 4. des. 2019 09:35