Førjulstildeling av forskingsmiddel til FAI-prosjekt

Ida Robertsen, Kristna Gervin og Pål Rongved har fått støtte frå Forskingsrådet, medan Hedvig Nordeng har fått støtte frå Nordic Cancer Union.

Ida Robertsen, Kristina Gervin, Hedvig Nordeng, Pål Rongved

F.v.: Ida Robertsen, Kristina Gervin, Hedvig Nordeng og Pål Rongved

Forskingsrådet offentleggjorde tildelingar av FRIPRO-middel onsdag denne veka, og for fire forskarar tilknytta Farmasøytisk institutt kom jula tidleg:

Ida Robertsen fekk støtte til eit prosjekt som skal undersøkja om effekten av tarmmikrobiota på legemiddel og om ulik samansetjing av tarmmikrobiota kan forklara noko av den store variabiliteten i legemiddelrespons hjå pasientar, gjennom å analysera avføringsprøver fra ca. 100 pasientar som er samla inn over ein 2-års periode.

Kristina Gervin er gjesteforskar i PharmaSafe og medlem i PharmaTox, og har fått støtte til prosjektet “TeraEpi: Teratogenicity of anti-seizure medication: the roles of epigenetics and folic acid supplements”. FAI er samarneidspartner i prosjektet, som vert leia av OUS. Her er Kaia Selmes (OUS) og Marte Helen Bjørk (UiB) sentrale samarbeidspartnarar.

Pål Rongved og Adjutec Pharma fekk tidlegare i desember innovasjonsstøtte til vidareutvikling av produktet sitt.

Denne veka fekk dessutan Hedvig Nordeng støtte frå Nordic Cancer Union til eit nordisk prosjekt om samanhengen mellom legemiddelbruk i svangerskapet og risiko for kreft hjå barn.

– 2020 har vore eit bra år for søknadar ved FAI. Spesielt har Hedvig vore flink med søknadar til covid-19-prosjekt i inn- og utland, seier instituttleiar Henrik Schultz.

– Vi har mange søknadar ute no, og det viser at folk har forstått at dette er noko som er nødvendig å gjera. Eg vil òg understreka at eit avslag ikkje treng å vera eit punktum, ein bør heller sjå på det som ein moglegheit for å læra.

Publisert 18. des. 2020 14:08 - Sist endret 18. des. 2020 14:08