To fyrste Scientia Fellows ved Farmasøytisk institutt

Begge er tilknytte Muskelforskingsgruppa. Møt den eine av dei, Andrea Dalmao Fernández.

Andrea Dalmao FernándezScientia Fellows er ei utvekslingsordning for unge forskarar. Ho vert administrert av Medisinsk fakultet, men er òg open for at forskarar frå andre fakultet kan vera vertar. Ordninga er delfinansert av EU, og deltakarane har status som Marie Skłodowska-Curie Fellows.

Andrea Dalmao Fernández og Parmeshwar Katare er dei to fyrste Scientia Fellows ved Farmasøytisk institutt. Fernández, som har ein Ph.D. i helsevitskap frå La Coruña i Spania, ser fram til moglegheita opphaldet gjev ho til å bringa den akademiske karrieren sin vidare.

– Eg hadde to gjesteforskaropphald ved Muskelforskingsgruppa i 2017 og 2018. Samarbeidet fungerte godt, og eg lærte mykje. Scientia Fellows gjorde det mogleg å koma tilbake etter at eg tok doktorgraden i fjor, seier ho.

– Den gongen forska eg på slitasjegikt, medan dei her studerer diabetes og overvekt. Men i begge desse sjukdomsbileta er stoffskiftet i cella viktig, og Muskelforskingsgruppa har utvikla metodar som eg ynskte å læra meir om.

Opna nye forskingsfelt

Ho ser fram til å læra meir om diabetes. Sjukdomen er som kjend på frammarsj over heile verda, og mykje tydar på at korleis forbrenninga av feittstoff i muskelceller skjer, spelar ei viktig rolle for sjukdommen.

– Vi skal samanlikna muskelceller frå overvektige med celler frå normalvektige, for å undersøkja nærare effekten av visse typar feittsyrer, forklarar ho.

– Målet er å opna nye forskingsfelt og konkurrera med forsking med høg impact-faktor på feltet. For min eigen del håpar eg at erfaringa dette arbeidet vil gje meg, vil opna moglegheiter til nye jobbar eller forskingsprosjekt.

Publisert 12. feb. 2021 08:48 - Sist endret 12. feb. 2021 08:48