47 år ved Farmasøytisk institutt

I 1975 søkte den nyutdanna laboranten Ellen Hanne Skorbakk jobb ved Farmasøytisk institutt. 31. mai i år gjekk ho av med pensjon.

Ellen Skorbakk held opp folder med diplom og medalje

Under avslutningsmarkeringa fekk Ellen overrekt Norges Vels medalje for lang og tru teneste. Foto: Torstein Helleve/UiO

– Ingen tvil om at det har vore ein fin arbeidsplass. Gode kollegar, godt arbeidsmiljø, mykje sosialt og mykje moro, seier Ellen Skorbakk.

– Heile tida har det vore varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Det har ikkje vore nokon standardjobb.

Då ho starta som 19-åring, var arbeidsstaden dei fyrsteåra analyselaben saman med ein annan laborant. Der fekk ho nærkontakt med studentane.

Sat ved teiknebrettet

– Det var meir kontakt den gongen enn no. Vi leverte ut glasutstyr til dei, og laga løysingar og anna til bruk i undervisinga, fortel ho.

– Den gongen var ikkje studentane fordelte på så mange kurs som no, slik at kursa var større. Heile laben kunne vera full av studentar som skulle ha dei same løysinga, så det var litt volum vi måtte laga til.

Dette var lenge før datamaskiner var vanleg, så når nokon av dei vitskaplege trengte ein kurve til presentasjon til ein kongress, gjekk oppgåva til Ellen. Med fine pennar sat ho ved teiknebrettet og trylla fram grafar.

Alltid likt å mekka

– Etter kvart tok eg nokre pausar der eg tok vidareutdanning. Arbeidsoppgåvene endra seg òg ettersom faget utvikla seg, og det vart gradvis meir instrumentering, seier ho.

Det passa henne eigentleg bra, for det gav ho anledning til å bruka ei anna av interessene sine. Verktøykassa til Ellen har smått legendarisk status i farmakognosi-miljøet ved FAI.

– Ja, eg har alltid likt å mekka, så når det har dukka opp problem med eitt av instrumenta, har eg føretrekt å fiksa det sjølv. Dei seier det er berekraftig slik, smiler ho.

– Verktøykassa er kanskje ikkje den ryddigaste, men eg veit alltid kvar eg finn det eg skal ha. Men no går kassa mi vidare til nestemann.

Glad for moglegheiter

I 2004 innførde UiO eit nytt innkjøpssystem, og Ellen fekk ei ny oppgåve. Ho har vore en av innkjøparane ved UiO med flest bestillingar, og har fått ansvaret for å læra opp nye bestillarar.

Ho har deltatt i mange forskingsprosjekt, og delteke på vitskaplege konferansar for å fortelja om arbeidet sitt med analyse av karbohydrat.

– Fyrste gongen var i Memphis, Tennesse, og det har blitt fleire Amerika-turar seinare, inkludert besøk på fabrikken til instrumentlevarandørane. Eg er veldig glad for å ha fått den moglegheita, det er ikkje alle i min stillingskategori som får slike sjansar.

– Det var meininga innkjøpsarbeidet skulle vera 50 % av stillinga mi, og det var det til å begynna med. Men etter kvart eskalerte det nok og tok meir over.

Ferie på hytta i Røros

Ho har òg nytta seg flittig av bedriftsidrettslaget. Mest handball, men ho har òg prøvd seg på fotball og badminton. Dei siste åra har ho vore med i sykkelgruppa. Når FAI hadde festar i lokalet som no har blitt lesesal, var Ellen alltid med i komiteen for gjennomføringa.

Korleis pensjonistlivet skal bli, har ho ikkje bestemt seg for enno.

– Fyrst skal eg ha ferie, blant anna på hytta i Røros. Så får vi sjå. Eg må jo finna på noko, men det må gå seg til, seier ho.

– Tidlegare hadde vi ei reisegruppe som tok båten fram og tilbake til København. Vi inviterte stipendiatar og alle som ville vera med. Det blir nok nokre slike turar seinare òg. Men no vert det vi pensjonistane som drar.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 20. juni 2022 07:28 - Sist endret 1. aug. 2022 14:08