– Å arrangera konferansar er «usynleg» arbeid, men det er verdt det

Konferansar og symposium er nettverksbyggjande, styrkjer følelsen av å høyra til i eit miljø, og gjev moglegheiter for yngre forskarar og studentar.

Skjermdumpar av logoane for konferansane

I åtte år har professor Leon Reubsaet vore med og arrangert vintermøtet i Norsk Selskap for Massespektrometri (NSMS). Møtet vert arrangert annakvart år, og alternerer med Kromatografisymposiet i Sandefjord, der professorkollega Trine Grønhaug Halvorsen i år hadde ansvaret for det faglege innhaldet.

– Dei to samlingane er samanliknbare i storleik, med Kromatografisymposiet hakket større med rundt 200 deltakarar. NSMS-møtet ligg på 150–200, seier Halvorsen.

– Vi inviterer kvart år 5–10 internasjonale foredragshaldarar, i kombinasjon med norske bidragsytarar. Av deltakarlistene ser vi at programmet appellerer til både godt etablerte forskarar og masterstudentar.

Tøft, men lærerikt for yngre forskarar

Reubsaet framhevar nytten for studentar og yngre forskarar:

– Mange får her eit fyrste innblikk i den større forskarverda, den som strekkjer seg vidare ut labveggane ein til no har halde seg innanfor. Dei får sjansen til å høyra og møta størrelsar innan faget som til no berre har vore eit namn på ein skjerm, seier han.

– Ein del stipendiatar og postdoktorar får sjansen til å presentera forskinga i plenum. Det kan sjølvsagt vera litt tøft når ein veit kva størrelsar som sit i salen og ein sjølv er ganske fersk, men det er lærerikt òg.

Leon Reubsaet og Trine Grønhaug Halvorsen
– Vi gjer denne jobben fordi vi ser nytten for oss, for andre og for fagmiljøet, seier Leon Reubsaet og Trine Grønhaug Hølavorsen. Foto: Torstein Helleve

Ikkje berre akademikarar

På slike samlingar er sjølvsagt det sosiale eit viktig element, og Halvorsen vedgår at NSMS-møta har eit lite fortrinn der:

– Dei har som regel møta sine på høgfjellshotell i januar, med dei friluftsmoglegheitene det gjev. Vintertilbodet i Sandefjord når nok ikkje heilt dei same høgdene, smiler ho.

I år har NSMS-møtet dessutan blitt utvida frå eit hovudsakleg norsk arrangement til eit nordisk arrangement, med svenske SSMS som medarrangør.

– Vi har òg deltakarar frå Island og Danmark. I Danmark har dei eit dyktig fagmiljø, men dei har ikkje noko eige selskap tilsvarande det vi har her til lands, seier Reubsaet.

Men det er ikkje berre akademikarar som deltek på møta. Industrien stiller òg opp, med stands og produktpresentasjonar.

Frivillig arbeid

– Dei er viktige for økonomien til møta, for dei betalar ganske heftig for å vera med. Men det viser jo òg at dei meiner deltakinga kan gje auka sal, nye kontaktar som vert knytte og moglegheiter for å rekruttera nye talent, seier Halvorsen.

NSMS-møtet i januar vert altså fjerde vintermøtet Reubsaet er med på å arrangera, og det tredje han leiar arrangementsarbeidet. No har han bestemt seg for å tre til sida og la andre sleppa til.

– Alle lurer på når neste møte er, og vil gjerne delta, men det er vanskelegare å få nokon til å vera med som arrangør. Det er til dels forståeleg, for dette er jo frivillig arbeid som vi gjer i tillegg til dei vanlege arbeidsoppgåvene våre, seier han.

– Det er kanskje ikkje så lett for leiing og andre rundt å sjå verken kor mykje arbeid det er eller kor verdifulle slike samlingar er. Men vi gjer jo denne jobben fordi vi ser nytten for oss, for andre og for fagmiljøet – elles hadde vi jo ikkje gjort det.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 8. nov. 2022 09:16 - Sist endret 8. nov. 2022 09:16