Tidlegare denne månaden deltok stipendiatane Mina Bathen, Karina Ervik og Marcus de Bourg på årets BioCat-konferanse. BioCat er eit program for stipendiatar og postdocar som arbeider innan biokatalyse, proteinforsking and tilgrensande område, og er adminstrert frå UiT. Forskarane må vera baserte i Noreg. I år var konferansen på Sommarøy utanfor Tromsø.
– Vi hadde kvar vår poster, og i tillegg heldt eg ein treminuttars presentasjon om forskinga i LIPCHEM og kvifor vi gjer det vi gjer. For denne fekk eg pris for beste tre minuttars presentasjon, smiler Bathen.
I forkant av konferansen deltok dei tre på eit kurs i akademisk skriving med Dr Daniel Soule.