Skandinavisk utveksling av eksamenserfaringar

Forskargruppa Farmasøytisk analytisk kjemi møtte kollegar frå Uppsala og København, fyrst og fremst for å dela erfaringar om undervising og eksamen.

Åtte forskarar saml rundt eit bord i eit seminarrom
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 13. okt. 2023

Det starta då Leon Reubsaet frå FAI og Mikael Hedeland frå Uppsala universitet (UU) kom i prat på ein konferanse i fjor. Dei to professorane gjev begge undervising i sitt fagfelt, farmasøytisk analytisk kjemi, men etter som samtalen skreid fram, fann dei ut at det var ein del forskjellar på utdanninga dei tilbaud studentane.

– Det finst eit EU-direktiv for kva farmasiutdanningane skal innehalda for å verta godkjende, som òg Noreg er forplikta til å fylgja, forklarar Reubsaet.

– Men det er ikkje veldig detaljert. Det står at studentane skal læra farmasøytisk analytisk kjemi, og resten er opp til institusjonane. Vårt emne FARM2130 gjev til dømes studenten ti studiepoeng i farmasøytisk analytisk kjemi, medan ein ferdig farmasøyt frå Uppsala har minst 19,5 studiepoeng i det same faget, og ein frå København 15 studiepoeng.

Minimiumskunnskap for ein farmasøyt

Dei to fann ut at dei hadde meir å snakka om enn det var rom for på konferansen, så dei vart einige om å møtast igjen, og involvera andre frå undervisingsmiljøa sine òg. Københavns Universitet (KU) fekk òg snusen i planane og hengde seg på.

FAI søkte om, og fekk, midlar frå Nordic POP for å gjennomføra eit seminar, og denne veka møttest dei tre fagmiljøa på Blindern. Fire deltakarar kom frå FAI, medan UU og KU stilte med to deltakarar kvar.

– Fyrste dagen brukte vi på å presentera utdanningane våre for kvarandre. I forlenginga av det hadde vi sett av tid til å drøfta kva vi syntest burde vera minimumskunnskapen ein ferdig farmasøyt skal ha, fortel Reubsaet.

– Den andre dagen starta vi med det som fanga interessa til UU, eksamensforma som vi innførde i 2020, under pandemien, og som vi har halde fram med. Alle studentane våre går gjennom ein munnleg eksamen.

Støtta kvarandre i rekruttering

Svenskane og danskane var ikkje minst interesserte i logistikken og ressursbruken rundt ei slik eksamensform. Medan FAI har 68 studieplassar, tek UU opp 90 studentar kvart semester, og KU endå meir. Til gjengjeld har dei andre universiteta fleire ressursar på lærarsida.

– Vidare diskuterte vi korleis vi kunna støtta kvarandre i rekrutteringa. Både når vi treng kandidatar til ledige faste stillingar, og ikkje minst at vi kan tipsa kvarandre dersom vi har ein god kandidat til for eksempel ein postdok-stilling som vi ikkje har noko tilbod til sjølve nett då.

 Deltakarane skildest med planar om å halda kontakten og utvikla samarbeidet, og òg involvera dei andre farmasiutdanningane i Norden. Alle gjev jo undervising i det same.

– Spesielt det med kravet minimumskunnskap hadde det vore gunstig å ha ei felles nordisk forståing av, seier Reubsaet, og ser ikkje bort frå at seminaret kan vera startskotet for eit nordisk nettverk for undervising i farmasøytisk analytisk kjemi.

Publisert 13. okt. 2023 10:57 - Sist endret 13. okt. 2023 10:57