FAI på Forskingstorget 2024

Mykje folk og god stemning på Forskingstorg på Teknisk Museum i førre veke.

Ei lita lystavle med teksten "Medisin og lys"
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 24. sep. 2024

Fredag og laurdag i førre veke arrangerte fleire einingar ved UiO "Forskningstorg om kropp og sinn" i samarbeid med Teknisk Museum. Medisinsk fakultet har vore primus motor, med bidrag frå Odontologisk fakultet, Psykologisk institutt og Farmasøytisk institutt. Folkehelseinstituttet stilte og med stand, og arrangementet var ein del av Forskingsdagane.

Fredag stilte 400 påmelde elevar frå femte trinn til vgs, og laurdag var det opent for publikum. Begge dagar var godt besøkt.

Farmasøytisk institutt stilte med standen "Medisiner og lys". Professor Hanne Hjorth Tønnesen, som med god hjelp av kollegaar frå seksjonen hadde hovudansvaret for standen, var fornøgd med responsen frå publikum.

Tre farmasøytar i kvite frakkar oppstilt bak standen
FAI sin stand sett skrått ovanfrå og bakfrå, med forskar som forklarar eit oppslag for seks barn
To barn besøker standen
Fire barn bøyer seg fram for å sjå kva forskaren gjer
Barn besøker standen, sett skrått ovanfrå
Utstyr på standen: blant anna blisterpakningar, både med gjennomsiktig plast og utan, og to dokker som er kopla til medisinske drypp
Ryggen av ein forskar og to barn som bøyer seg fram for å sjå
Standedn sett skrått ovanfrå. Besøk av to barn og ei kvinne i hijab
Ein forskar forklarar for ein vaksen publikummar
Tre små barn pressar seg mot standbordet
Fire vaksne framfor stande, alle tre forskarane opptekne med kvar si forklaring
Oversiktsbilete frå golvplan av Forskningstorget
Oversiktsbilete frå Forskningstorget, annan vinkel
Fellesfoto av standdeltakarar på Forskingstorget samla etter arrangementet
Foto: Yngve Vogt, UiO
Publisert 24. sep. 2024 07:57