– På eit tidspunkt gjekk det opp for meg at norsk farmasi var i ferd med å la ei gullgruve forsvinna, sidan heller ikkje farmasøytar lever evig, seier professor Anne Gerd Granås ved Farmasøytisk institutt.
– Utgreiingar, stortingsmeldingar, rapportar, korrespondanse, tidsskriftartiklar osv. kan framtidige forskarar finna i ulike arkiv, men kva med menneska bak? Korleis vart dei påverka av utviklinga, både fagleg og personleg?
Granås allierte seg med kollegar frå farmasiutdanningane ved OsloMet, UiB, UiT og Nord universitet. Saman søkte dei om, og fekk, støtte frå Stiftelsen for fremme av norsk apotekfarmasi.
Profesjonelle opptak og redigering
– Utgangspunktet var å laga noko som kunne brukast i utdanninga av nye farmasøytar. Som ein slags pilot let eg nokre studentar intervjua farmasøytar av den gamle garden, fortel Granås.
– Men eg ynskte noko som kunne nå mange fleire, og som kunne vera bra nok til å kunna fanga andre òg, ikkje berre studentar. Etter å ha gjort eit ikkje særleg vellukka forsøk på å gjera opptak sjølve, fann vi ut at vi trengte hjelp av nokon som visste kva dei dreiv med.
Fotograf og journalist Knut Werner Lindeberg Alsén vart hyra inn, og saman med ulike intervjuarar har han reist rundt i landet for å gjera opptaka, og gje dei profesjonell redigering i etterkant.
– Det har vore eit omfattande arbeid, med stor innsats av mange involverte. For å illustrera kor lang tid det har tatt å få dette ferdig ved sida av alt det andre ein skal ha gjort: vi lanserer dei fyrste podkastepisodane fyrst no, medan i mange av opptaka snakkar ein om «pandemien vi er inne i», smiler Granås.
Saftige historiar frå studentlivet
Dei eldste intervjuobjekta vart uteksaminerte i dei tidlege femtiåra i førre århundre, og gjekk ut i apotek der dei sjølve sto for produksjonen. Etter kvart kom det fleire og fleire fabrikkferdige produkt, farmasøytane måtte ut i skranken og møta publikum ansikt til ansikt, og så kom den store endringa med den nye apoteklova i 2001.
– Vidare får vi mellom anna høyra om framveksten av klinisk farmasi som fag og oppbygginga av ny farmasiutdanningar i Tromsø og Bergen. Fleire deler uutslettelege minne frå då dei som unge farmasøytar utførte militærteneste eller jobba som frivillige i det store utland. Deltakarane deler gleder og frustrasjonar, med personlege betraktningar og anekdotar som arkivdokument sjeldan fangar opp, seier Granås.
– Vi får òg nokre saftige historiar frå studentlivet på sekstitalet, som vi trygt kan seia skilde seg ein del frå det dagens studentar møter – kanskje på både godt og vondt. Dei kjem òg med nokre råd til dagens studentar.
I løpet av neste veke kjem den på andre plattformer òg. Dei tre fyrste episodane er alt lagde ut, og så kjem det til å koma eit par nye i veka fram mot jul.