
Siste veka i mars kunngjorde regjeringa tildeling av 112 millionar kroner til etablering av forskarskular. 16 av desse millionane går til MiMa, som vert leia av Pauline Cavanagh ved UiT og med Morten Kjos frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) som nestleiar.
UiO er partnar i forskarskulen MiMa, og koordinator for miljøa ved UiO er Winther-Larsen.
– Ein forskarskule gjev doktorgradsstudentane mange nye moglegheiter. Dei kan få finansiering til å dra på forskingsopphald andre stader, og gjennom årlege møte for deltakarane byggjer dei nettverk, seier ho.
– Vidare kan dei kan ta doktorgradskurs ved alle medlemsinstitusjonane i Noreg, og òg i Sverige. Slike tilbod finst det elles ikkje så mange av.
Håpar på fleire bedrifter
Fleire av kursa vert førde vidare frå den tidlegare forskarskulen IBA (National Graduate School in Infection Biology and Antimicrobials), som var koordinert av Institutt ved biovitskap (IBV)/UiO og UiT, men det skal òg utviklast nye kurs i MiMa, mellom anna ved Medisinsk fakultet ved UiO (MedFak) og eitt i samarbeid mellom FAI og IBV.
Dei involverte miljøa ved UiO er FAI, IBV, MedFak og Odontologisk fakultet. Universiteta i Bergen og Innlandet, NTNU, NMBU og OsloMet er alle partnarar, saman med fire sjukehus, inkludert Oslo universitetssjukehus (OUS), fem private og offentlege forskingsinstitutt og 2 bedrifter.
– Vi har foreløpig på plass to bedrifter som tilbyr plass til doktorgradsstudentane, og vi håpar å få med fleire, seier Winther-Larsen.
Skal løysa store samfunnsutfordringar
Forskarskulen vil frå starten ta opp 40–50 studentar. Målet er å utdanna nye sterke forskarar innan infeksjonsbiologi som skal bidra til løysingar innan antibiotikaresistens, vaksineutvikling, infeksjonar hjå menneske og dyr, og så vidare.
– Det er ikkje berre folkehelse som er tema. Vi vil arbeida i tråd med WHO si tilnærming om éi helse, One Health, som inneber at vi òg tek omsyn til dyrehelse og miljøet, fortel Winther-Larsen.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland la i ei pressemelding vekt på at landet treng fleire med forskarkompetanse både i akademia og i næringslivet.
– Vi skal løysa store samfunnsutfordringar dei neste åra. Det krev at vi både utviklar og tek i bruk ny kunnskap. Vi har sterke forskingsmiljø i Noreg, og vi ynskjer å bidra til meir tverrfagleg samarbeid mellom akademia og resten av samfunnet, sa ho.
Dei andre bidragsytarane frå UiO er:
Tone Tønjum (MedFak og OUS)
Dirk Linke (IBV)
Roger Simm (IBV)
Fernanda Petersen (OD)
Ole Andreas Økstad (FAI)
Trine Rounge (FAI)
Gunnveig Grødeland (MedFak)
Roger Junges (OD)
Tahira Riaz (MedFak og OUS)