Muinck og Gani får 400 000,– kvar i innovasjonsmidlar

Resultatet av utlysinga av midlane Universitetet i Oslo (UiO) har sett av til tidlegfasestøtte til innovasjonsprosjekt, er no klart.

Bildemontasje med portretter av tildelingsvinnerne. Alle bildene unntatt to er gjort mørkere

De Muinck til venstre, Gani til høgre

Frå Farmasøytisk institutt har forskar Eric de Muinck og fyrsteamanuensis Osman Gani fått 400 000,– kvar til test og vidare utvikling av prosjekta sine. De Muinck får støltte til prosjektet "BIO-PFAS: Modular non GMO bacterial treatment for PFAS loaded waste", og Gani til prosjektet "Computational Lead Optimization of CDK12/13 Inhibitors".

– Det er med stor glede eg gratulerer alle forskarane som har fått tildelt innovasjonsmidlar frå Universitetet i Oslo. Dei mange gode søknadene og tildelingane er eit bevis på det sterke arbeidet som blir utført ved UiO, og på ambisjonane våre om å fremje samfunnsnyttige løysingar gjennom forsking og innovasjon, seier Jens Petter Berg, viserektor for livsvitskap og helse ved UiO.

Les meir om tildelinga

Publisert 31. okt. 2025 13:37 - Sist endret 31. okt. 2025 13:37