Det er trongt om plassen på timeplanen til farmasistudiet. Sjølv på det femårige masterstudiet er det innhald som må veljast bort.
– Når du går at av farmasistudiet, har du ikkje fått veldig mykje trening i legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgangar, seier Marianne Lea som er ein av kurshaldarane i Sykehusapotekene og postdoktor ved Farmasøytisk institutt.
– Sidan 2012 har vi derfor tilbode eit eige treningsprogram i arbeidsmetodikk for legemiddelsamstemming og -gjennomgangar, og det er no eit fast tilbod for farmasøytar i Sykehusapotekene HF som skal arbeida pasientnært. Dei siste fem åra har vi hatt 46 deltakarar til saman, altså eit snitt på rett under ti deltakarar i året.
Lesa sjølv på førehand
Programmet er lagt opp i tre deler. Fyrst er det ei tredagars samling med alle deltakarane, der mykje av tida vert brukt på ulke case og simuleringar.
– I starten var denne delen bygd opp med mange forelesingar. Men deltakarane har heile vegen etterlyst meir praktiske eksempel, så vi har gradvis modifisert kurset slik at det no er i hovudsak aktiv undervising, seier Lea.
– I staden for må deltakarane lesa sjølv på førehand og sjå nokre forelesingsvideoar. Vi har altså flytta mykje av teorien til før kurset, nesten som den nullte delen av det tredelte programmet.
Ubehageleg å sjå seg sjølv
Heilt sidan kurset starta i 2012 har kursleiarane presentert deltakarane for rollespel med fiktive pasientar, spelt av farmasøytane som leiar kurset. Nytt av året er at det òg er med fiktive legar.
– Desse legane har instruksjonar om å opptre realistisk. Dei kan for eksempel ha dårleg tid, vera lite interesserte eller ueinige. Vi veit jo at slike situasjonar oppstår i klinikken, og vi ynskjer at simuleringane skal førebu farmasøytane best mogleg, seier Lea.
– Vi tek opp rollespela på video, og ser på opptaka saman med deltakarane etterpå. Det har ein jo sjeldan moglegheit til elles. Mange synest det er ubehageleg å sjå seg sjølv i situasjonen, men samstundes seier dei fleste at det er veldig, veldig nyttig.
Reflekterer saman
Etter at tredagarskurset er over, er neste del ein-til-ein-rettleiing med ein erfaren klinisk farmasøyt.
– Vi får lov til å trena på ei avdeling for hjerneslag. Fyrst observerer deltakaren når rettleiaren gjer ei legemiddelsamstemming, forklarar Lea.
– Så byter dei roller, deltakaren gjer legemiddelsamstemminga og rettleiaren observerer. Deltakaren utfører òg ein legemiddelgjennomgang. Undervegs og etterpå reflekterer deltakar og rettleiar saman . Denne ein-til-ein-rettleiinga går føre seg over ein del dagar.
Ulik arbeidskvardag frå avdeling til avdeling
Den siste delen av programmet skjer etter at deltakarane er komne tilbake til arbeidsstaden sin.
– Dei har framleis kontakt med ein erfaren rettleiar, og kontakten strekkjer seg ofte over fleire månadar. Deltakaren legger frem eige arbeid med legemiddelsamstemming og -gjennomgangar for rettleiar, ofte alt etter den fyrste pasienten. I desse rettleiingsmøta kan deltakaren òg diskutera og reflektera over situasjonar ho eller han har møtt på jobben sin. Rettleiaren vert nesten ein slags mentor, seier Lea.
– Kliniske farmasøytar arbeider jo på ganske ulike avdelingar, for eksempel psykiatrisk, kirurgisk, eller medisinsk, og arbeidskvardagen kan være ulik frå avdeling til avdeling. Sjølv om ein arbeider tverrfagleg i klinikken, vil det gjerne oppstå situasjonar ein vil ha utbyte av å drøfta med ein erfaren klinisk farmasøyt.
Øva i trygt miljø
Tretten år etter oppstarten er programmet framleis etterspurt og i stadig utvikling. Lea opplever at deltakarane er fornøgde med det dei får ut av det.
– Dei seier at dei er glade for at programmet er arbeidslivsrelevant, og at det er variert og aktiv undervising, seier ho.
– Og dei set spesielt pris på at simuleringane let dei øva seg i eit trygt miljø før dei står oppe i ein reell situasjon i klinikken. Det er nesten litt sjølvsagt.
Referanse
Lea m.fl.: Design and evaluation of a comprehensive training program for hospital-based clinical pharmacists - various, active, and work-integrated learning. Exploratory Research in Clinical and Social Pharmacy, Dec 2025