ERC Advanced Grant til Trond Helge Torsvik

Det høver godt å innleie det nye året med gratulasjonar til professor Trond Helge Torsvik for å ha fått European Research Councils Advanced Investigator Grant til prosjektet “Beyond Plate Tectonics”.

Tildelinga er på 2.5 millionar Euro over fem år. Dette er eit tildeling som heng svært høgt, over dei tre åra det har vore tildelt slike prosjekt har 14 norske forskarar, frå alle fagområde, nådd opp. 

Trond er professor i geodynamikk ved Instituttet, og knytt til Physics of Geological Processes, PGP - SFF.

Emneord: Forskningsstøtte, Geodynamikk, PGP
Publisert 10. jan. 2011 22:50 - Sist endret 28. okt. 2019 10:45