GeoOnsdag Spesial "Arven etter Esmark" - Sjå opptak frå foredraget

I anledning 200-års jubileet for Jens Esmark si oppdaging av istida hadde Institutt for geofag i samarbeid med realfagsbiblioteket eit GeoOnsdag Spesial-foredrag den 15.11. Foredraget kan no sjåast som opptak.

Foto: Frå GeoOnsdag Spesial foredraget i Realfagsbiblioteket. Stort bilde: Henning Åkesson med foredraget “Gårsdagens is - fremtidens fasit”. Bilde øvst til høgre: Frå venstre Martin Lund, Henning Åkesson, Clint Conrad og Bernd Etzelmüller svarar på spørsmål fra salen etter foredragene. Nedst til høgre: Martin Lund hadde foredrag med tittel “Wind of change“. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Frå GeoOnsdag Spesial foredraget i Realfagsbiblioteket. Stort bilde: Henning Åkesson med foredraget “Gårsdagens is - fremtidens fasit”. Bilde øvst til høgre: Frå venstre Martin Lund, Henning Åkesson, Clint Conrad og Bernd Etzelmüller svarar på spørsmål fra salen etter foredragene. Nedst til høgre: Martin Lund hadde foredrag med tittel “Wind of change“. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Introduksjon

Det er i 2023 heile 200 år sidan Jens Esmark (1762-1839) ein dansk-norsk geolog og Norges første professor i bergvitskap, skjøna at isbrear hadde forma landskapet vårt. Med det oppdaga han istida, og han skreiv ein vitskapleg artikkel der han la fram bevis på at Norge og Nord-Europa ei gong i fortida hadde vore dekka av eit enormt isdekke.

I anledning 200-års jubileet hadde Institutt for geofag i samarbeid med Realfagsbiblioteketar eit GeoOnsdag Spesial-foredrag med fire korte foredrag frå forskarar ved Institutt for geofag. Dei korte foredraga set Esmarks funn i samanheng med dagens forsking og utdanning. Dei fire foredraga er:

  • Arven etter Esmark, Bernd Etzelmüller/Karianne Lilleøren
  • Imagining Esmark’s Lost Scandinavian Ice, Clint Conrad
  • Gårsdagens is - fremtidens fasit, Henning Åkesson
  • Wind of change, Martin Lund

GeoOnsdag Spesial, 15. november, 2023:

Foredraget: GeoOnsdag spesial: Arven etter Esmark - Fra oppdagelsen av istiden til dens betydning for dagens forskning, kan sjåast som opptak tilgjengeleg på YouTube.

Om GeoOnsdag foredraga

Ein gong i månaden vil forskarar ved Institutt for geofag, Universitetet i Oslo, fortelja om si forsking og introdusera geofaga for eit breidt publikum, fra fyrsteårsstudentar, kollegaer til interesserte i geovitskap generelt. Det er mogleg å stille spørsmål etter foredraga. Alle interesserte er velkomne på foredraga.

Foredragene vert haldne i Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes' hus, Blindern, Universitetet i Oslo.

Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 7. des. 2023 10:06 - Sist endret 7. des. 2023 10:06