Krav for ansettelse og undervisning i skolen

Dersom du ønsker å kvalifisere for å undervise i matematikk på ungdomstrinnet eller i videregående skole gjennom matematikkutdannelse ved UiO, vil du sannsynligvis ha nytte av informasjonen på denne siden.

Utdrag fra Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

§ 12-5. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 8. til 10. trinn

Kommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling på 8. til 10. trinn, oppfyller eitt av desse krava:

a. Dei har grunnskolelærarutdanning for 5. til 10. trinn.

b. Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning, og minst 60 studiepoeng relevant utdanning dersom tilsetjinga gjeld norsk, matematikk eller engelsk.

c. Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

d. Dei har yrkesfaglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

e. Dei har treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

f. Dei har barnehagelærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

 

§ 12-7. Krav for å bli tilsett i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa

Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa oppfyller eitt av desse krava:

a. Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

b. Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

c. Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

Dette er også beskrevet hos Udir: 

Krav til kompetanse for lærere – ansettelse og undervisning

 

Dette anbefaler vi

Matematisk institutt ved UiO anbefaler 60 studiepoeng i matematikk eller fagkravet for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med matematikk fagdidaktikk for personer som skal undervise matematikk på ungdomstrinnet eller i videregående skole. (Merk at PPU tilbys av UV-fakultetet og spørsmål om dette må rettes dit). Du vil med en slik bakgrunn være faglig kvalifisert for undervisning og ansettelse hvis du i tillegg har pedagogisk utdanning. Matematisk institutt forstår det som at kravet om pedagogisk utdanning kan oppnås ved å ta en årsenhet i PPU, enten på heltid eller på deltid.

Hvis du ønsker å oppnå faglig bakgrunn som beskrevet over, kan det være aktuelt å ta et årsstudium i matematikk eller søke om å bli enkeltemnestudent. Det som er beskrevet over er en anbefaling av faglig bakgrunn for å undervise matematikk i skolen. Hvis du har spørsmål om krav vedrørende ansettelse, må spørsmål rettes til skolen som ansetter. Hvis du har spørsmål om til anbefalingen kan du sende en e-post til Matematisk institutt: studieinfo@math.uio.no.

Publisert 13. feb. 2026 11:24 - Sist endret 13. feb. 2026 11:24