Systematisk HMS-arbeid ved MN-fakultetet

Det systematiske HMS-arbeidet ved MN er lagt opp mot kvalitetsstandarden OHSAS18001 og skal bidra til at eininga sitt HMS-arbeid vert drive i tråd med myndigheitene sine krav og verksemda sine eigne mål og rutinar.

Dei styrande dokumenta ved UiO sine policyar og prosedyrar dannar fundamentet for det systematiske HMS-arbeidet. Leiar sitt ansvar for å følgje opp målet om å ha risiko i eiga verksemd under kontroll og at HMS-arbeidet er i stadig utvikling, sikrast ved regelmessig å gjennomføre «Leiars gjennomgang».

Tidsrom for faste, årlege aktivitetar er angitt nedanfor. Korleis dei enkelte aktivitetar skal utførast er skildra i dei sentrale prosedyrene.

  • Årsrapport strålevern: Frist 15. januar
    • Leiar utpeiker strålevernskoordinator ved lokal eining.
    • Årleg rapportering sendast til Strålevernskoordinator ved UiO.
       
  • Handlingsplan: Februar – mars
    • Leiinga utarbeidar handlingsplan HMS (sjå eksempel mal under «Verktøy»).
    • LAMU skal uttale seg om årsplanar for HMS-arbeidet innan sitt verneområde.
    • LAMU skal velje seg eit fokusområde som følgjast opp spesielt.
       
  • Kartleggingar slik som Intern revisjon, Arbeidsmiljøkartleggingar (ARK) og Risikovurderingar gir oversikt på kva som bør betrast.
    • Tiltak som prioriterast gjennomført leggast inn i handlingsplanen for komande år.
       
  • Avviksbehandling: Løpande
    • Alle HMS-avvik skal meldast i eget meldesystem
    • Analyse av alvorlege ulukker og nestenulukker skal følgjast opp av leiar med den skadde (om mogleg) og verneombod.
       
  • Leiinga sin gjennomgang: Februar – mars
    • Tiltaksplan leggast fram for LAMU.
       
  • Årsrapport frå LAMU: Januar – mars
  • Vernerunde: Oktober – november
    • Gjennomførast med leiar og verneombod.
  • Bestilling av BHT tjenester: Oktober - november
    • Behov meldes inn i eget bestillingsmøte

 

       

 

Publisert 22. feb. 2011 15:12 - Sist endra 6. okt. 2020 15:01