MN-LAMU – fakultetet sitt arbeidsmiljøutval

Fakultetet sitt arbeidsmiljøutval er eit overordna koordinerande organ for lokale arbeidsmiljøutval på fakultetet. Arbeidsmiljøutvalet har ni underliggjande verneområder, eitt ved kvart institutt. I tillegg har fakultetsadministrasjonen eit lokalt arbeidsmiljøutval.

Arbeidsmiljøutvalet på fakultetet vart konstituert 29. september 2009, og er eit underutval av det sentrale arbeidsmiljøutvalet ved universitetet.

Oppgåvene til MNs arbeidsmiljøutval: (rev. mandat vedtatt i MN-LAMU 20. mars 2013)

  • Bidra til erfaringsoverføring i saker som gjeld arbeids- og læringsmiljø
  • Handsame HMS-saker av prinsipiell- og overorda omfang, herunder strategisk plan mv.
  • Gje innspel til vidareutvikling av HMS-systemet lokalt og sentralt
  • Drøfte HMS-kartleggingar ved fakultetet, sakshandsame/initiere eigne tiltak der dette er formålstenleg
  • Drøfte fakultetets prioritering av budsjettinnspel til Eigedomsavdelinga (EA) som angår bygnadssmessige tiltak
  • Drøfte prioritering av budsjettinnspel til EA som angår arbeids- og læringsmiljøet
  • Følgje opp meldingar om systemavvik og status på tiltak med forbetringar
  • Sikre at det vert gjeve naudsynt opplæring i HMS ved fakultetet
  • Drøfte og gi innspel til handlingsplan for HMS
  • Følgje opp saker som angår læringsmiljøet

Avgrensingar i MN-LAMUs virkeområde:

  • omfattar ikkje personalsaker

Samansetning for perioden 2019 - 2020:

Arbeidsgjevar
Morten Dæhlen - Dekan
Ellen Munthe-Kaas - IFI 
Camilla Stensrud - FI
Frank Sarnes - FAK ADM
 
Arbeidstakar:  (vara)
Thor A. Thorsen - GEO 
Olav Gundersen - MA
Cathrine E. Fagernes - IBV
Behzad Foroughinejad L-HVO
 
Studentrepresentant: June Gabrielsen (Julie Eldøy)

Observatør: Hege Lynne (HVO), Kontaktperson i EA

Publisert 30. apr. 2010 10:41 - Sist endret 26. apr. 2019 11:57