Backpacking i Costa Rica

Plutseleg var sommarferien over! Desse tre vekene har gått kjempefort. Backpacking i Costa Rica har vore fantastisk, sjølv om eg bare har fått sett ein liten del av landet. Eg håpar eg får meir tid i løpet av semesteret til å feriere meir, for eg føler meg langt ifrå ferdig.

Da eg ankom Alajuela, byen flyplassen ligg i, var det fyrste eg gjorde å fikse simkort med mobildata. Eg fekk hjelp av to veldig snille bakarar, far og son. Etter det var i boks satte eg meg ned ved hostellet for å finne ut av kvar vegen skulle gå fyrst.

Eg hadde allereie kryssa av ein del plassar på kartet eg ville besøke. Eg bestemte meg for å reise til den næraste avkryssa staden. Fyrste destinasjon blei derfor La Fortuna, ein liten, men kraftig turistprega by, like i nærleiken av den store vulkanen Arenal. Det låg i korta å fare på vulkanekspedisjon og bade i varme kjelder.

Så tok eg det som heiter Jeep - boat - jeep til Monteverde, som heller burde bli omdøpt bus - boat - bus, for sjølv om eg har lite peiling på bil er eg rimeleg sikker på at det ikkje var nokon jeep involvert der. Flott tur var det uansett. Monteverde er favoritten min så langt. Søt liten landsby på fjellet. Og det var kjølig! Ææhh det var fantastisk etter å ha gått i fuktig hete i dei siste dagane. Om nettene sov eg med laken og to (ja, to!) lag tepper. Og ein kveld sat eg med ullgenser på - ja, ullgenser!! Monteverde er kanskje ein liten plass, men det ekstremt mykje å finne på. La meg nemne i fleng: guida kveldstur, ziplining, besøk hos ein kaffiplantasje, gåtur i ein av dei to nasjonalparkane og det beste av alt: klatre i eit hult kvelerfikentre.

Turen gjekk dermed vidare til vestkysten, nærare bestemt Santa Teresa, og etterpå, nabobygda Montezuma. Santa Teresa hadde eg ikkje særleg sans for. Det var strand så langt auget kunne sjå. Og sand. Overalt. Eg er ikkje eit strandmenneske har eg skjønt. Det skulle vere ein super plass å surfe visstnok. Bør nok få testa det i løpet av tida mi her i Costa Rica.  Eg likte Montezuma betre. Det var også ei strandbygd, men rolegare, mindre kriminalitet og eit frodigare landskap. Dessverre blei eg sjuk i Montezuma, så det blir eit lite minus likevel. Fekk likevel tatt meg ein tur i næraste naturreservat og bada for andre gong i ein foss. Etter dette – tilbake til hovudstaden, San José.

Maten her i Costa Rica er god. Kjedeleg er kanskje ordet andre hadde brukt. Eg har fått smakt på ein del tradisjonel mat. Kort oppsummert: ris og bønner. Null krydder. Det passar godt mine smakslaukar. Ved dagens frukost i San José klarte eg på mirakuløst vis å snuble over ein eg skal gå i klasse med denne hausten. Han heiter David, er koransk-amerikansk og studerer statsvitskap. Kjempegøy! Han var nokså kjent i byen og viste meg rundt.

I morgon klokka tolv hentar vertsfamilien meg. Eg har vore kontakt med dei via melding ein stund. Dei verkar hyggelege og gjestfrie. Dei består av to personar: Sandra på 57 og hennar 78 år gamle tante. Og sjølvsagt hunden Sissi og pusekatten Nieve. Eg er litt nervøs. Dei snakkar ikkje eit ord engelsk, på godt og vondt. Det var jo det eg ynskte og ba om da eg søkte vertsfamilie. Samtidig trur eg det kan by på litt språkbarrierar i starten. Vel, eg får prøve å smile så godt eg kan og svare bien og sí på alt dei spør om.

Buenas noches!

Abrazos, Hilde

Publisert 17. aug. 2018 06:30 - Sist endret 17. aug. 2018 06:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere