English version of this page

Utveksling med Universitetet i Trieste opnar nye forskingsdører

Utveksling av masterstudentar og forskarar opnar nye moglegheiter for forskinga. Og det har kome drahjelp frå ein uventa stad: Covid.

Federica Moretti skriv på PCen i forelesingssalen

Federica Moretti, masterstudent i materialteknikk, var nyleg på utveksling ved Farmasøytisk institutt.

Naud lærer naken kvinne å spinna. Fyrsteamanuensis Massimiliano Pio di Cagno har ikkje fått gjennomslag for interne eller eksterne søknadane sine om stipendiatar. I staden har han hatt stor nytte av utvekslingsstudentar frå utlandet. Spesielt har han mykje samarbeid med Universitetet i Trieste.

– Sidan 2020 har FAI hatt ERASMUS-avtale med Trieste. FAI har til no hatt to masterstudentar på utveksling hit under denne avtalen, og to nye kjem til hausten, seier di Cagno.

– I tillegg har ein masterstudent og ein postdok kome hit som gjesteforskarar med stønad frå Universitetet i Trieste, altså utanom ERASMUS.

Spisskompetanse ut over Excel-kunnskap

Kanskje litt overraskande er det ikkje fyrst og fremst farmasistudentar di Cagno har på utveksling. Den fremste samarbeidspartnaren hans i Trieste er professor Mario Grassi ved Institutt for ingeniørkunst og arkitektur, i tillegg til professor Dario Voinovich og Beatrice Perissutti frå Institutt for kjemi og farmasi.

– Når vi har testa eit legemiddel in vitro i laboratoriet, må vi finna den rette formuleringa før det kan takast i bruk. Kva formulering det er, er nærmast umogleg å føreseia. Vanlegvis held då eksperimenta fram in vivo, forklarar di Cagno.

– Men med avanserte matematiske modellar kan vi redusera behovet for in vivo-eksperimentering til eit minimum og likevel få like gode resultat. Men det krev spisskompetanse langt utover vår eigen Excel-kunnskap.

Samarbeidet er ikkje avhengig av fysisk utveksling. Eksperimenta kan køyrast i Oslo, medan modelleringa vert gjort i Trieste. No arbeider dei med felles søknadar om prosjektstøtte, i tillegg til at tre-fire vitskaplege artiklar er under arbeid.

Covid ein pådrivar for nye samarbeidsformer

Massimiliano Pio di cagno
– Under nedstenginga vart vi kanskje tvungne til å  tenkja på nye måtar, seier Massimiliano Pio di Cagno. Foto: UiO

– Samstundes kan studentar koma hit som gjesteforskarar for kortare periodar for å læra metodane våre, seier di Cagno.

Utvekslinga får andre vegen òg. Ein masterstudent frå FAI planlegg opphald i Trieste i samband med eit samarbeid di Cagno har med det tyske firmaet Phabioc om produktet PermeaPad, som etterliknar organiske membranar til bruk i produkttesting.

Di Cagno meiner at Covid, med all sin tragedie, har vore ein pådrivar for å skunda på nye samarbeidsformer.

– Akademia utviklar stadig nye samarbeidsformer, men samstundes kan det òg vera ein tregheit i systemet som gjer at det kan ta litt tid å implementera nye samarbeidsformer, seier han.

– Under nedstenginga, då vi ikkje kunne gjera eksperimenta våre i laboratoriet, vart vi kanskje tvungne til å setja oss ned og tenkja på nye måtar. Dermed kom vi kanskje raskare fram til nye, fruktbare former for fjernsamarbeid.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 30. mars 2022 09:39 - Sist endret 30. mars 2022 09:40