På veg mot rydding i namnerot med Circle U.-støtte

Uklare retningslinjer og ny DNA-kunnskap har gjort at talet på arter i bakteriegruppa Bacillus cereus har blitt meir enn firedobla på få år. Ryddejobben er ikkje gratis.

Circle U.-logo
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 3. okt. 2024

Bakteriegruppa Bacillus cereus har tradisjonelt blitt rekna å innehalda sju ulike artar, tre av dei spesielt interessante for oss menneske: B. cereus gjev matforgifting, B. thuringiensis vert brukt som biologisk insektmiddel, medan B. anthracis gjev den frykta sjukdommen miltbrann.

– DNA-analyser av desse bakteriane viser at slektstreet deira er meir innfløkt enn vi var klar over, seier professor Ole Andreas Økstad ved Farmasøytisk institutt.

– Samstundes har reglane for namngjeving innan gruppa vore uklare. Saman har desse to faktorane bidrege til at talet på arter har blitt utvida med 23 nye i løpet av det siste tiåret, utan at det eigentleg er grunnlag for så mange.

Må ha ryddigare namngjeving

Eksplosjonen i nye «artar» fører til at feltet vert uoversiktleg, men har òg praktiske konsekvensar. Lover og forskrifter handterer namngjevne artar, og då skapar det vanskar når bakteriestammer på tvilsamt grunnlag vert definerte som nye i staden for som tilhøyrande ein eksisterande art.

– Vi ynsker ikkje rot i den kliniske diagnostikken, og vi ynskjer samstundes å behalda B. thuringiensis som eit alternativ til kjemiske insektmiddel, seier Økstad.

– Då må vi ha ei mykje meir ryddig namngjeving i bakteriegruppa enn kva som no er tilfelle.

Ole Andreas Økstad
– Vi ynsker ikkje rot i den kliniske diagnostikken, seier Ole Andreas Økstad. Foto: Privat

Saman med Dr. Annika Gillis frå Det Katolske Universitetet i Louvain og professor Niels Bohse Hendriksen frå Aarhus Universitet har han starta prosjektet cereNET som tek sikte på revidera heile taksonomien og namngjevinga av bakteriane i denne gruppa.

Samla ekspertar

– Med støtte frå Circle U. har vi vore i stand til fyrst å ha eit møte med kjernegruppa i Wien, oss tre pluss Monika Ehling-Schulz frå det veterinærmedisinske universitetet der. Deretter hadde vi eit møte med rundt 30 deltakarar i Louvain-la-Neuve, Belgia, seier Økstad.

– Vi samla ekspertar innan klassisk bakteriell taksonomi og molekylær taksonomi, folk som jobbar med B. anthracis, veterinærar, mikrobiologar, medisinarar.

Han forklarar at det dei siste åre har kome fleire forslag til revisjon av taksonomien, men utan at nokon har fått ordentleg gjennomslag.

Håpar å få på plass nye retningslinjer

– Og har du taksonomiar som ingen brukar, har du ingen ting. Derfor er det så viktig for oss å involvera så breitt som mogleg, for å få ein konsensus som alle involverte grupper godtek.

Såkornmidla frå Circle U er brukt opp, men tankane frå Belgia-møtet skal no oppsummerast i eit opinion paper og skal diskuterast på ein internasjonal konferanse i New Delhi denne hausten.

– Etter konferansen håpar vi å søkja EU-midlar slik at vi kan vidareføra og sluttføra prosjektet og få på plass nye retningslinjer og ny taksonomi for denne medisinsk og kommersielt viktige bakteriegruppa.

Sjå òg

Namnerot i bakteriegruppe kan ha alvorlege konsekvensar (3. okt. 2024)

Publisert 3. okt. 2024 09:45 - Sist endret 3. okt. 2024 12:36