Namnerot i bakteriegruppe kan ha alvorlege konsekvensar

DNA-sekvensering har gjort det lettare å skilja tre viktige bakteriar frå kvarandre, men har samstundes avdekka slektskap som gjer at det ikkje er så lett likevel.

Mikroskopbilete av miltbrann-bakterien

Miltbrann-bakterien vart brukt i bioterror i 2001. Foto: Wikimedia Commons/Centers for Disease Control and Prevention

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 3. okt. 2024

Ein har til no pleidd å rekna gruppa Bacillus cereus for å innehalda sju ulike artar bakteriar. Av desse er tre spesielt interessante for oss menneske:

B. cereus, som har gjeve namn til gruppa, gjev matforgifting, som regel kortvarig og ufarleg. B. thuringiensis vert brukt som grønt alternativ til kjemiske insektmiddel, medan B. anthracis gjev den frykta sjukdommen miltbrann og har vore brukt til bioterror.

– Desse har tradisjonelt blitt skilde frå kvarandre ut frå kva effekt dei har. Tek dei livet av insekt? Då er det B. thuringiensis. Gjev dei miltbrann? B. anthracis, og så vidare, fortel professor Ole Andreas Økstad ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Det er med andre ord eigenskapar ved bakterien som vi observerer som let oss identifisera han. Summen av desse observerbare eigenskapane kallar vi fenotypen til arten.

Eit sabla rot

Genotypen er derimot den informasjonen som ligg i gena til organismen. Med DNA-sekvensering kan forskarane både sortera ulike bakteriestammer frå kvarandre og sjå kor nært eller fjernt dei er i slekt med kvarandre. Og her blir det interessant. Og krunglete.

Ideelt sett skulle ein venta at ulike stammer plasserte seg pent og pynteleg i tre grupper, ei gruppe for kvar art. Men som så ofte før viser det seg at naturen ikkje tek omsyn til forsøka våre på å systematisera han.

– Det viser seg at stammer med same fenotype, altså har den same effekten på menneske eller insekt, genetisk kan ha meir til felles med stammer med andre fenotypar enn dei har med kvarandre, seier Økstad.

– Det er rett og slett eit sabla rot.

Får sitt eige artsnamn

Ole Andreas Økstad
– Namnerotet har ganske store praktiske og regulative konsekvensar, seier Ole Andreas Økstad, som ynskjer å rydda opp. Foto: Privat

Som om ikkje det var nok, har forskarar i den seinare tida identifisert ei rekkje nye artar i B. cereus-gruppa, som dermed har blitt utvida frå 7 til 30 artar. Økstad meiner det er for mykje.

– Konvensjonen har vore at dersom genoma frå to stammer har 95 % eller meir likskap i det vi kallar ANI (Average Nucleotide Identity), tilhøyrer dei same art. Er forskjellen større, tilhøyrer dei to ulike artar, forklarar Økstad.

– Men i nokre artiklar har forskarane heva denne terskelen til 96 eller 97 %. Dermed vert to stammer som tidlegare vart rekna som same art, to ulike artar, og der den «nye» arten får sitt eige artsnamn.

Bekymra for miltbrann

Så kan ein med Shakespeares Julie spørja «Kva er eit namn?» Har det så mykje å seia kva bakterien heiter, berre vi veit kva han gjer?

– Det har både praktiske og regulative konsekvensar, og ganske store. Det er til dømes arten B. thuringiensis som er godkjend som insektmiddel, og B. anthracis som er definert som bioterrorvåpen. For å omfatta andre artar med same fenotypen må reguleringa endrast, og det skjer som kjent ikkje over natta. Labrutinar må òg oppdaterast og justerast, slår Økstad fast.

– Vidare vert ei av deltakarane i prosjektet kontakta nesten kvar veke av sjukehus som er bekymra for at dei har fått inn eit tilfelle av miltbrann fordi dei har identifisert ein bakterie som vert kalla med det nye namnet B. paranthracis. I realiteten er det berre snakk om den forholdsvis ufarlege B. cereus.

Vil rydda opp i rotet

Årsaka til uklarheitene er i fylgje Økstad at retningslinjene for namngjeving ikkje har vore eintydige. Det er han i ferd med å gjera noko med.

– Vi har vore ei gruppe som, med midlar frå Circle U, har teke initiativ til tydelege felles retningslinjer for namngjeving av denne gruppa, fortel han.

– Etter kvart har vi trekt inn andre, og denne hausten skal vi presentera tankane våre på ein stor kongress i New Dehli. Etter det planlegg vi å søkja om EU-midlar til å ferdigstilla reglane og rydda opp i rotet rundt desse viktige bakteriane.

Publisert 3. okt. 2024 12:13 - Sist endra 3. okt. 2024 12:37