I akademia utgjer kvinner over halvparten av dei vitskapelege tilsette. Likevel utgjorde kvinner berre ein tredel av søknadene om Fripro‑støtte dei to siste åra, og fekk tilsvarande del av tildelingane, ifølgje Forskingsrådet. Støtte i FRIPRO-programmet, finansierer grunnlegjande, fremragende forsking innafor alle fagområder, og der prosjektideane kjem frå forskarane sjølv.
I Khrono, peiker Ingrid Anell på det såkalla akademiske husarbeidet som komitéarbeid, undervisning og medvirkning knytta til arbeidsmiljø, som ei forklaring på kvifor færre kvinner enn menn søkjer forskningsmidlar. Kollega Lena M. Tallaksen viser til at det er ein tendens til at kvinner ofte vert vurdert strengare enn menn i søknadsprosessar for forskingsmidlar.
I Fripro-tildelinga kunngjort 19. november var det i alt 19 forskarar som fekk til saman tildelt 203 millionar kroner. Av desse var det få kvinner som fekk finansiering i siste runde. Det var ingen kvinner blant dei 11 yngre forskarane som fekk støtte ved tildelinga.
Les heile saken:
Kvinner utgjør halve akademia, men leverer bare hver tredje Fripro-søknad, Khrono, 3.12.2025