Funksjonsbeskrivelse for Instituttverneombod

Institutt for geofag har eit eige Instituttverneombod.

Om funksjonen

Institutt for geofag har eit eige Instituttverneombod, som er instituttets ”hovedverneombod”. Instituttverneombodet vert valt for to år om gongen.

Funksjonens formål

Ivareta interessene til instituttets tilsette og studentar i arbeidsmiljøspørsmål, med spesielt ansvar for det psykososiale arbeidsmiljøet og studentanes arbeidsmiljø

Hovedansvar

  • Ta initiativ overfor instituttleiinga om saker som angår arbeidsmiljøet
  • Fungera som kontaktperson og støtte for dei øvrige verneomboda ved instituttet.
  • Organisera vernerundar for studentarbeidsplassane
  • Påsjå at lokale vernerundar foretas og vert fulgt opp.
  • Delta i inspeksjonar frå Arbeidstilsynet og UiOs sentrale vernetjeneste
  • Skal ha oversikt over sentrale reglar og retningslinjer for HMS-arbeidet
  • Arrangere interne møter for instituttets verneombud etter behov, men minst ein gong i året
  • Høyringsinstans for universitetsinterne og instituttinterne planar og utreiingar som har relevans for arbeidsmiljøet
  • Varsla dei som er berørt og instituttleiinga om forhold som kan medføre ulykkes- eller helsefare.
  • Medlem av LAMU

Beslutningsfullmakt

  • Stogga arbeid ved umiddelbar fare for liv eller helse.
  • Underetta LAMU og/eller hovedverneombodet dersom instituttets leiing ikkje responderar på henvendelsar.

 

Publisert 26. jan. 2007 00:52 - Sist endra 22. apr. 2014 16:21