Vernetenesta

Vernearbeidet er ein del av det generelle HMS-arbeidet, og er heimla i arbeidsmiljøloven. Sentrale element i det lokale HMS-arbeidet er arbeidsmiljøutvalet (LAMU) og verneombodet.

Informasjon om HMS, vernetenesta og arbeidsmiljø, sjå regelverk.no

Vernetenesta ved UiO

Vernetenesta ved Universitetet i Oslo er organisert med eit sentralt arbeidsmiljøutval og hovedverneombod, og lokale arbeidsmiljøutval (LAMU).

I tillegg er det valgt eit eller fleire (som regel fleire) verneombod ved einingane.

UiOs sentrale HMS-portal finn du her.

Vernetenesta ved Institutt for geofag

Institutt for geofag har valt å organisera vernetenesta med verneombod for både tematiske og fysiske verneområder, sjå oversikt over kven som er verneombod og områder.

Det er også eit instituttverneombod / leiande verneombod med ei koordinerenda rolle, spesialansvar for studentanes arbeidsmiljø og det psykososiale arbeidsmiljøet for tilsette, og som møter fast i det lokale arbeidsmiljøutvalet (LAMU).

Verneombodas (VO) oppgåve er generelt å bringa fram problem knytt til arbeidsmiljøet samt å delta i vernerundar – interne inspeksjoner av arbeidsmiljøet, og å ettersjå at saker som kjem fram her vert fulgt opp.

I tillegg har instituttverneombodet fylgjande spesifiserte oppgåver:

  • Ivareta interessene til instituttets medarbeidarar og studentar i arbeidsmiljøspørsmål, med spesielt ansvar for det psykososiale arbeidsmiljøet og studentanes arbeidsmiljø.
  • Organisera vernerundar for studentarbeidsplassane.
  • Delta i inspeksjonar frå Arbeidstilsynet og UiOs sentrale verneteneste.
  • Skal ha oversikt over sentrale reglar- og retningslinjer for HMS-arbeidet.
  • Arrangera interne møter for instituttets verneombod etter behov, med minst møte ein gong i året.
  • Høringsinstans for universitetsinterne og instituttinterne planar og utredningar som har relevans for arbeidsmiljøet.
  • Møter i LAMU. Varsling av kritikkverdige forhold

Lokalt arbeidsmiljøutval (LAMU)

Verneombod

Varsling

Kritikkverdige forhold ved instituttet kan og skal varsles. Vi garanterer at det trygt kan varsles uten fare for represalier.

Nærmare informasjon om framgangsmåten ved varsling ved UiO finn du her:

Lenker vidare

Publisert 30. aug. 2010 13:52 - Sist endra 19. jan. 2023 15:28