Nytt flott læringsmiljøsenter opna i ZEB-bygninga

Det nye læringsmiljøsenteret for studentar i geofag, farmasi og musikkvitskap vart i dag formelt opna av Solveig Kristiansen, prodekan studier ved MN-fakultetet. Med dette får studentane heilt nye flotte lokaler med lesesalsplassar, kollokvierom, og framføre alt ein plass å møtast.

Læringsmiljøsenteret i ZEB-bygget, Episenteret vart 1. februar formelt opna av Solveig Kristiansen (til venstre). Med dette får studentar på geo, farmasi og musikkvitskap eit læringsmiljøsenter. Foto: GK. Tjoflot/GEO

Læringsmiljøsenteret i ZEB-bygget, Episenteret vart 1. februar formelt opna av Solveig Kristiansen (til venstre). Med dette får studentar på geo, farmasi og musikkvitskap eit læringsmiljøsenter. Foto: GK. Tjoflot/GEO

Det var prodekan for studier ved MN-fakultetet og professor i farmasi Solveig Kristiansen som fekk gleda av opna læringsmiljøsenteret. I sin tale framheva ho at læringsmiljøsenter er viktige for studentane.

Med det nyopna læringsmiljøsenteret får studentane i geofag, farmasi og musikkvitskap eller andre ein etterlengta stad som dei kan bruka i sin studiekvardag.

Geofag har fått navnsatt to av kollokvieromma, her Osloriften. Det andre er oppkalla etter Landsat-satellittane. Men også Tutti og Placebo er navn å sjå på dørene alt etter fagområde. Foto: GKT/GEO

I lokala var det før ei kantine drive av SIO, men har stått tomt etter at denne vart nedlagt for nokre år sidan. No i dag er lokala med sine store vindauger vorte eit ljost og fint læringsmiljøsenter. Studentane kan gleda seg over utsyn mot det fine grøntområdet bak ZEB-bygget.

Læringsmiljøsenteret kan brukast av studentar i geofag, farmasi og musikkvitenskap og andre til kollokvier, møter, lesing eller til å møtast mellom forelesingane. Senteret har i alt 5 kollokvierom, 49 'stille' lesesalsplassar, mange bokskap, ein enkel kjøkkenkrok og fleire fine sofagrupper. 

Det nye læringsmijøsenteret har fleire sofagrupper for kollokvier eller å treffast mellom for eksempel forelesningane. Foto: GKT/GEO

I tillegg til fassilitetene som læringsmiljøsenter får Geofaglig fagutvalg og GÆA NORVEGICA disponere eit felles kontor i tilknytning til senteret. Eit slikt kontor er etterlengta i deirans arbeid for studentane ved Institutt for geofag.

Frå Geofagleg fagutvalg møtte Christina Eide. Her med blomahelsing til fagutvalget frå Institutt for geofag. Fleire andre studentar var også til stades ved opninga. Foto: GKT/GEO
Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 1. feb. 2018 13:40 - Sist endret 23. des. 2022 13:06