English version of this page

Bioaktive naturstoff og helseeffektar (BioNatH)

Bioaktive naturstoff og helseeffektar (BioNatH) er ei forskingsgruppe innan farmakognosi. Vår forsking har som mål å skaffe ny kunnskap om naturstoff frå medisinplantar og sopp, og deira potensiale for å oppnå betre helse.

Om gruppa

Bioaktive naturstoff og helseeffektar (BioNatH) er ei forskingsgruppe der farmakognosi står sentralt. Farmakognosi er eit fagområde innan farmasi som handlar om medisinar utvikla frå organismer som planter, sopp og mikrober. BioNatH er den einaste forskingsgruppa innan farmakognosi i Noreg.

Naturen har gjennom alle tider vore den viktigaste kjelda til medisin for mennesker. Levande organismar har ei unik evne til å syntetisere komplekse kjemiske molekyl som har vist å vere til nytte for menneske, både som del i mat og som legemiddelsubstans. I dag er meir enn halvparten av alle legemidla på markedet enten stoff frå naturen, derivat av naturstoff, eller stoff med ein struktur som etterliknar eit naturstoff. Store delar av verdas befolkning nyttar dessutan framleis planter i behandling eller førebygging av sjukdommar. BioNatH vil bidra til større forståing og kunnskap om naturstoff og medisinplantar som kan ha medisinske effektar og/eller bidra til positive helseeffektar.

Forskningsgruppa bidrar til FNs mål for bærekraftig utvikling:

Berekraftsmål: 3. God helse og livskvalitet. 4. God utdanning. 9. Industri, innovasjon og infratruktur. 12. Ansvarleg forbruk og procuksjon. 15. Livet på land. 17. Samarbeid for å nå måla

Prosjekt

Vår forsking fokuserer på isolering, analyse, og strukturoppklaring av bioaktive forbindelsar frå planter og sopp. Me deltar i norske og internasjonale prosjekt og undersøker hovudsakleg to hovudtypar naturstoff, polysakkarider og fenoliske lavmolekylære forbindelsar, og deira immunmodulerande og antiinflammatoriske effektar.

Ressursar

BioNatH har apparatur for ekstraksjon, fraksjonering, isolering og strukturoppklaring av naturstoff, både låg- og høgmolekylære substansar. Vi har ein moderne cellelab, og metodikk for antioksidanttester og enzymhemming.

Utstyr og instrumentering:

Ekstraksjon:

  • Soxhlet
  • ASE (Accelerated Solvent Extraction)

Kromatografi:

  • Biotage® Selekt
  • CA-TLC, kromatotron
  • GC
  • GC-MS
  • HPLC-DAD
  • HPLC-UV-VIS 
  • Preparativ HPLC-UV
  • HPLC-RI
  • HPAEC-PAD

Metodikk:

  • Karbohydratanalyser
  • Antioksidantanalyser
  • Celle-baserte immuntester
Publisert 9. nov. 2010 00:08 - Sist endra 14. feb. 2024 11:28

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar