Geofagstudia ved UiO har vore gjennom ein revisjon i løpet av dei to siste åra. Endringane har vore mange. Bachelorprogrammet i geofag har vorte omstrukturert og delt i to til Geologi og geografi og Geofysikk og klima.
Samstundes med endringane på bachelornivå har masterprogrammet i geofag fått ein opprydding på studieretningar. Men arbeidet ved instituttet med å utvikla studia stoppar ikkje der.
iEarth - nasjonalt samarbeid for å styrka geostudia
Instituttet er med i det nasjonale konsortiet iEarth saman med tre andre store aktørar innan geofagutdanning på høgare nivå; Institutt for geofag (UiO), Institutt for geologi (UiT), Institutt for geovitskap (UiB) og Arctic Geology Department (UNIS). .
Målet er å dra saman og å utvikla geoutdanninga vidare i felleskap. Det kan skje ved samarbeid om undervisning til dømes innan geofare, styrking av feltarbeid, og å imøtekoma utfordringar som ligg i fagområdet slik som klimaendringar, det grøne skiftet, og andre samfunnsmessige utfordringar.
Eit utstrakt mål i iEarth er å få til meir bruk av studentaktiv og læringsbasert praksis i undervisninga.
Søkjer for andre gong
Grunnlaget for samarbeidet mellom dei fire i iEarth vart lagt allereie i 2015-2016. Den gong søkte konsortiet om midlar til å verta eit Senter for Framragande Undervisning (SFU). Dei kom til finalerunden, men senterstatus og finansiering vart det dessverre ikkje den gongen.
Men no 29. april går ein ny søknad om SFU-støtte til DIKU, som forvalter senterordninga. Institutt for geofag vil ha ansvar for ein av fem arbeidspakkar skissert i søknaden; Kultur for læring (undervisaranes læringsmiljø).
Om iEarth
Det er Institutt for geovitskap (UiB) med professor Jostein Bakke som er leiar for iEarth konsortiet. Det er også UiB som vil senda søknaden om støtte.
Fullt namn for iEarth er Centre for integrated Earth System Education.
Les meir om iEarth på nettsidene: iearth.no