Vulkansystemet på den sørlege kysten av Reykjanes-halvøya og Fagradalsfjell-vulkanen, har gitt fleire vulkanutbrot dei siste åra, og mykje omtala er dei seinaste utbrota som har vore pågåande sidan oktober i fjor fram til i dag. I januar skjedde det igjen, tidleg om natta 14. januar rann det ut mengder av lava, 900 meter frå byen Grindavik. Fleire bygningar var øydelagt og innbyggjarane vart evakuert.
Forskar innan vulkanisme, Olivier Galland, ved Institutt for geofag og Njord har skrive ein artikkel om utfordringane ved å varsla når og kvar eit vulkanutbrot kan skje. Dette sjølv om ein har gode overvakingssystem slik som Island har. Det er derfor viktig å forstå og få kunnskap om prosessane i arbeid under vulkanane for å varsla utbrot.
Les mer om på forskning.no:
Vil det komme et nytt vulkanutbrudd på Island nå?, populærvitskapleg innlegg/'Forskersonen' på nettstaden 'Forskning.no', 2.2.2024
Sjå også frå tidlegare: Frykt for vulkanutbrudd på Island