Gravide skal bli tryggare i legemiddelbruken sin

Mange kvinner sluttar å ta viktige legemiddel når dei blir gravide av frykt for å skada fosteret. Men vi veit ikkje nok om kor stor risiko ulike legemiddel faktisk fører med seg.

Kvinne som holder tre brett tabletter med en bekymret mine

Mange kvinner som blir gravide, sluttar å ta viktige medisinar av frykt for å skada fosteret. Foto: Pixabay

Å bli gravid er ei stor hending i livet til ei kvinne. Men det kan òg føra med seg usikkerheit og utryggheit når ein tenkjer på korleis framtida vert. Likevel er det i denne situasjonen at mange kvinner sluttar å ta legemiddel som er viktige for dei.

– Mange legemiddel vert godkjende med åtvaring om at dei må brukast med forsiktigheit av gravide. Men grunnen til det er ikkje nødvendigvis at dei kan skada fosteret.

– Det kan like gjerne vera at vi rett og slett ikkje veit noko om risikoen for fosteret, seier gjesteforskar Mollie Wood ved Farmasøytisk institutt.

Usynlege sjukdommar

– Legemiddel vert prøvde ut på forsøkspersonar etter utvalde kriterier. Fordi ein ikkje kjenner risikoen for fosteret, vil det vera uetisk å prøva ut legemidla på gravide. Men dette vert ein vond sirkel – for dermed vert dei godkjende nettopp utan at vi kjenner risikoen for fosterskadar!

Sidan 2013 har Wood drive eit akademisk pendlarliv mellom UiO og Harvard. For tida har ho ein postdoc-stilling ved Harvard parallelt med gjesteforskarstillinga ved UiO. Ho vart nyleg tildelt 7,9 millionar frå Forskingsrådet for å forska på verknadane på foster og barn av mora sin legemiddelbruk under svangerskapet.

Dei legemidla ho vil studera, er dei som vert tekne mot såkalla «usynlege» sjukdommar: smerte, depresjonar og andre psykiske lidingar.

Store datasett om mor og barn

– Barn av mødrer som har teke slike legemiddel, har ein auka risiko for seinskadar. Men vi veit ikkje kva som er årsaka. Vi veit at ein del av seinskadane, som ADHD, depresjonar osv., har ein genetisk komponent.

Portrett av Mollie Wood
– Mange kjenner ikkje til at det er stor variasjon mellom kor fort ulike personar skil ut legemiddel dei har teke, seier Mollie Wood. Foto: Privat

– Så er det legemiddelet som er årsaka til seinskadane på barnet? Eller er det sjølve tilstanden som mor tek legemiddelet for, som er grunnen, og legemiddelet er uskuldig?

Noreg har den eine av to store sett med data om mor og barn. Wood vil utnytta at genotypane til ei stor mengd barn og foreldre er kartlagde.

– Det mange ikkje kjenner til, er at det er stor variasjon mellom kor fort ulike personar skil ut legemiddel dei har teke. Denne variasjonen er genetisk styrt, av eit gen vi kjenner ganske godt.

Vel å avbryta svangerskapet

– Vi ynskjer å sjå om vi kan bruka informasjonen om dette genet til å omgå effekten av andre mulige årsaker, slik at vi kan få betre informasjon om risikoen som er knytt til desse legemidla, seier Wood.

– Vi vil setja legen i stand til å gje råd om kva legemiddel gravide trygt kan bruka, kva legemiddel som kan brukast med varsemd, og kva legemiddel ein bør unngå heilt.

Ho understrekar kor viktig det er å ha sikker informasjon om legemiddelbruk blant gravide.

– Det er jo ikkje utan grunn at dei får desse legemidla i utgangspunktet, og då er det uheldig om dei sluttar å ta dei utan grunn. Nokre kvinner vel til og med å avbryta svangerskapet fordi dei fryktar at fosteret er eller vil bli skada. Det er frykteleg trist.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar
Publisert 7. feb. 2020 06:14 - Sist endra 7. feb. 2020 06:14