Digitale legemiddellister ei forbetring, men uklare ansvarsforhold

Overgangen frå papir til digitale lister har auka legemiddelsikkerheita for pasientar som brukar multidose, men systemet inneheld nye svakheiter.

Rull med multidosepakningar

Med multidose vert pasienten sine legemiddel pakka porsjonsvis. Foto: Anette Vik Jøsendal/Nasjonalt senter for e-helseforsking

Ein del pasientar, ofte eldre, kan ha vanskar med å ta medisinane sine til riktig tid og i riktig mengde. Dei kan bruka det som heiter multidosemedisinering eller berre multidose, der legemiddel vert pakka i porsjonsposar og merka med innhald og når det skal takast.

Tidlegare hadde lege, apotek og sjukepleiar kvar si liste over kva legemiddel pasienten skulle ha. Titan har tidlegare skrive om eit pilotprosjekt i Oslo med digitale lister, og korleis talet på avvik vert redusert etter innføringa.

Anette Vik Jøsendal arbeider ved Nasjonalt senter for e-helseforsking i Tromsø. 9. desember disputerte ho for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, på arbeidet sitt med digitale legemiddellister for multidosepasientar med heimesjukepleiar.

Skriv ut resept for eitt år om gongen

– Vi har funne at multidose aukar legemiddelsikkerheita for pasienten, og at digitale lister aukar sikkerheita ytterlegare samanlikna med korleis det var tidlegare, då lege, heimesjukepleie og apotek hadde kvar si liste på papir. Den gongen sneik det seg uvegerleg inn stadig fleire forskjellar mellom listene, fortel Jøsendal.

– Men då vi intervjua brukarane av systemet, 8 farmasøytar og 24 heimesjukepleiarar, fann vi ut at sjølv om dei var fornøgde med systemet og meinte legemiddelsikkerheita for pasienten vart betra, var det likevel ei ulempe at arbeidsmengda deira hadde auka merkbart.

Ein viktig grunn til denne auken er måten dei digitale lagemiddellistene handterer reseptar på, forklarar ho.

– I det gamle systemet, som altså framleis er i bruk dei fleste stader, skriv legen ut resept på pasienten sine multidosemedisinar for eitt år om gongen. Men vi har avdekka at det ofte er apotekfarmasøytane som må minna legen på at resepten skal fornyast, seier Jøsendal.

Brukar i gjennomsnitt ti legemiddel

Anette Vik Jøsendal
– Vi snakkar om ei løysing som er god, men ikkje så god som ho kunne ha vore, seier Anette Vik Jøsendal. Foto: Sjarm fotostudio

– Det er heimesjukepleia og legen som eigentleg har ansvaret for denne fornyinga, ikkje apoteket. Dermed fann vi òg at det var store forskjellar mellom ulike apotek om dei frivillig tok på seg denne oppgåva eller ikkje.

I den digitale løysinga er det ikkje lenger ein felles resept for multidosemedisinane, men enkeltvise reseptar som må fornyast kvar for seg.

– Mengda på dei ulike reseptane vert ikkje tilpassa kvarandre, slik at ein kan gå ut i morgon, ein annan om to veker, den tredje i neste månad og så vidare, seier Jøsendal.

– Multidosesystemet har sjølvsagt fyrst og fremst sin misjon for pasientar som brukar mange legemiddel, ti legemiddel er gjennomsnittet for denne gruppa. Det seier seg sjølv at det då vert ein del ekstraarbeid knytt til fornyingar.

Har identifisert ansvarsproblem

Desse fornyingane er det i stor grad apotekfarmasøytane som fylgjer opp legen for å få, trass i at det ikkje er eit ansvar dei er pålagde.

– Problemet er at retningslinjene ikkje seier noko om kvar ansvaret ligg, så om ikkje farmasøytane tek på seg oppgåva, er det ikkje sikkert pasientane i det heile tatt får medisinane sine. Den pasientgruppa vi snakkar om her, er ikkje dei spreke bestemødrene som trenar annakvar dag, desse eldre har vanskar med å passa på legemiddelbruken sjølve, seier Jøsendal.

Digital legemiddelliste er no under utprøving i Bergen, under namnet Pasientens legemiddelliste. Meininga er at løysinga skal rullast ut for heile landet. I sitt arbeid har Jøsendal identifisert eit anna ansvarsproblem:

God løysing som kunne vore betre

– Når lista er felles, vert det fort slik at ingen føler at lista er eins eige ansvar. For ein lege vil det venteleg vera lettare å leggja til eit nytt legemiddel enn å ta bort ei føreskriving som ein annan lege har gjort, når det blir loggført i den felles lista, seier Jøsendal.

– Utfallet kan bli at pasienten får legemiddel som han ikkje treng, kanskje i ugunstige eller til og med farlige kombinasjonar. Her òg trengst det ei ansvarsavklaring.

Jøsendal understrekar at desse innvendingane ikkje er avgjerande, og at både tilbakemeldingane frå brukarane og talet på avvik viser at legemiddelsikkerheita for pasienten har blitt betre.

– Vi snakkar om ei løysing som er god, men ikkje så god som ho kunne ha vore. For at ho skal bli det, må ansvarsforholda avklarast og nedfellast i retningslinjer.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 15. mars 2023 07:34 - Sist endra 15. mars 2023 07:47