Film med medisin kan brukast av folk som ikkje kan ta tablettar

Heilt små barn og ein del eldre er blant dei som ikkje så lett kan ta medisinar i tablettform. Ein film på innsida av kinnet kan vera løysinga.

Julia Alopaeus, i laboratoriefrakk, held opp ein bit film med ein pinsett

Julia Alopaeus viser fram ein film av typen som kan brukast av folk som ikkje kan ta tablettar. Foto: Privat

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 8. mars 2023

Fyrstevalet for legemiddel som folk skal administrera sjølve, er å ta det gjennom munnen. Intravenøst er meir effektivt, men det er ikkje noko folk kan driva med heime på badet.

– Men det er ikkje alle som kan ta tablettar. Babyar, til dømes, og ein del eldre. Ved nokre sjukdommar, til dømes epilepsi og migrene, er heller ikkje tablettar så enkle å bruka, seier Julia Alopaeus, som disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt 24. mars.

– Nokre pasientar kan òg ha mentale sperrer mot tablettar, eller fysiske endringar i svelget.

Treng meir allmenne metodar

Alopaeus er blant dei som forskar på ein ny måte å administrera legemiddel på, det som heiter mukoadhesiv film. «Mukoadhesiv» vil seia at filmen festar seg til ei slimhinne. I dette tilfellet slimhinna på innsida av kinnet, der medisinen gradvis vert teken opp i blodbanen gjennom kinnveggen.

– Men dette feltet er såpass nytt at det ikkje finst retningslinjer for korleis vi skal analysera produkta vi utviklar. For å kunna avgjera om dei er gode nok, gjekk faktisk fyrste delen av doktorgradsarbeidet mitt ut på å utvikla metodar for å sjå på forskjellige karakteristika ved løysingane våre, seier Alopaeus.

– Ein ting er å jobba med spesifikke problem der vi kan flikka på ulike eigenskapar for å få ting til å fungera, men vi treng meir allmenne metodar som vi kan bruka.

Nokre filmar skal sitja i fleire timar

Dei har mellom anna utvikla metodar for å testa dei toksikologiske eigenskapane til filmane, altså om dei er kompatible med cellene i kinnveggen. Dei undersøkjer òg kor godt filmar basert på ulike polymerar festar seg i munnen. Dei har mellom anna, som dei fyrste, utvikla filmar basert på polymeren Soluplus, eit kommersielt produkt som eigentleg er laga for heilt andre formål.

– Vidare testar vi kor fort filmane vert eroderte av spyttet i munnhola. Då plasserer vi ein film over humane slimproduserande celler, og let simulert spytt renna over. Så ser vi kor lenge filmen varar, forklarar Alopaeus.

– Vi må kjenna erosjonsmotstanden, sidan nokre filmar skal sitja i fleire timar. Då må vi vera sikre på at filmen ikkje er sliten vekk før legemidlet har kryssa slimhinna og kome inn i blodbanen. Men på den andre sida må han ikkje sitja så lenge at det vert irritasjon på vevet i munnen, så det må vi òg ta omsyn til.

Etter å ha utvikla gode metodar for testing, har Alopaeus og kollegane testa ulke filmbaserte løysingar. Dei har mellom anna undersøkt administrering av nanopartiklar, og Titan har tidlegare skrive om korleis film kan brukast til å maskera smaken av medisinar som gjer godt, men som smakar vondt.

Film med fleire lag med medisinar

I tillegg til at medisin på film er lettare å ta for folk som kan ha vanskar med å svelgja, kan dei takast utan vatn, og er dermed enklare å ta om ein er på farten. Men Alopaeus trekkjer fram ein annan og kanskje vel så stor fordel filmane har framfor tablettar:

– Tablettar vert produserte i standardiserte doseringar og er dermed ikkje så lette å tilpassa den enkelte pasient. Filmar er betydeleg lettare å tilverka i småskala, slik at til dømes eit sjukehusapotek kan tilpassa doseringa til nøyaktig den mengda pasienten har behov for.

Alopaeus trekkjer òg fram andre moglegheiter, som ho ikkje har forska på sjølv, men som vert forska på andre stader og som ho reknar med vi vil sjå i framtida:

– 2D- og 3D-printing er ein moglegheit. Ein annan er film med fleire lag, der kvart lag inneheld ulike medisinar. Dermed får vi ei alt-i-eitt-løysing for eldre og andre som brukar fleire legemiddel dagleg.

Publisert 8. mars 2023 08:52 - Sist endra 10. mars 2023 10:11