Opioid er ei gruppe stoff som har liknande effekt som opium, anten dei er utvunne frå opiumsplanten eller heilsyntetiske. Ein del av desse vert brukt i medisinen, men dei er òg mykje misbrukt som rusmiddel.
Det har vore vanleg å bruka urinprøvar ved mistanke om misbruk eller kontrollera at medisin vert teken som føreskrive. Men å få folk til å tissa på kommando er ikkje alltid så lett, spesielt ikkje dersom det må skje med andre til stades. Dei siste åra har det derfor vorte meir utbreidd med spyttprøvar, som er enklare å få til og vert opplevd som mindre inngripande av den som skal testast.
Tonje Gottenberg Skaalvik er stipendiat ved Avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs Hospital og tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Ho har testa ut korleis ein kan testa opioid i spytt ved hjelp av elektromembranekstraksjon (EME), ein metode som er utvikla ved Farmasøytisk institutt.
Vassløyselege eller feittløyselege
– Utfordringa i denne samanhengen var at EME er ein svært selektiv metode. Vi trekkjer berre nokre få stoff med enkelte bestemte eigenskaper ut av prøven, mens stoff som kan forstyrra analysen blir igjen i prøven. Det er vanlegvis ein av styrkane ved EME, men her vart det faktisk eit problem som måtte løysast, seier Skaalvik, og forklarar:
– Når vi testar for misbruk av opioid, ynskjer vi å testa for mange stoff samstundes, i staden for å måtta gjera to meller fleire analysar. Det er nemlig slik at sjølv om opioida har mange liknande eigenskapar i bruk, kan dei kjemiske eigenskapane vera ganske forskjellige.
Nokre opioid løyser seg lettast i vatn, medan andre vert betre fordelt i feitt. Denne forskjellen utgjer ei utfordring, sidan EME går ut på å trekkja ut stoffet ein er interessert i – analytten – ut frå det kjemikarane kallar ein matriks over ein flytande membran. Matriksen er den væska prøven er levert i, enten det er spytt, blod, urin eller anna.
– Kva stoff vi har i membranen, er svært viktig for prosessen. I vårt tilfelle vart løysinga ein membran som bestod av ei blanding av to membranvæsker vi ikkje hadde blanda tidlegare, fortel Skaalvik.
Må tøya grensene
– Vi førebudde ein prøve med 13 ulike opioid, frå naturlege som morfin og kodein til heilsyntetiske som metadon og fentanyl. Vi lukkast i å trekkja ut alle stoffa av prøven, og for 12 av dei let resultata seg validera innanfor gjeldande retningslinjer.
Samstundes som metoden altså var uspesifikk nok til at alle dei ulike opioida let seg trekkja ut, var han selektiv nok til at dei fekk ut meir av analyttane enn dagens løysingar gjer for mange av stoffa. Likevel kan ikkje Skaalvik lova at metoden vert teken i bruk med det fyrste.
– I mange samanhengar kan ein vera fornøgd med å få ut berre 10 prosent av analytten, gitt at ein framleis kan detektera relevante konsentrasjonsnivå og at resultata er konsekvente. Målet vårt var ikkje nødvendigvis å finna ein analysemetode for å erstatta dagens metodar, forklarar ho.
– Poenget er at EME enno er eit ungt forskingsfelt. For å utforska alle moglegheitene, må vi tøya grensene innanfor mange potensielle bruksområde.
Den vitskaplege artikkelen
Skaalvik m.fl.: Conductive vial electromembrane extraction of opioids from oral fluid. Analytical and Bioanalytical Chemistry, Jun 2023